Heilt sidan 1998 har 36-åringen frå Eresfjorden henta vatn til lagkameratar og slitt tungt for at storkanonene får ei lettast mogleg reise fram mot mål i sykkelsirkuset.
Det harde arbeidet ga først betalt i 2004. Då gjekk Arvesen gjekk til det danske laget CSC med sportssjef Bjarne Riis i spissen.
– Riis hadde eit sterkt mannskap. Han hadde jo verdas beste sykkellag i mange år, seier Arvesen til NRK.
Les også: Stjernene som ikkje vinn sykkel-VM søndag
Styrte laget i feltet
Riis og CSCs styrke skal ha uroa eitt av motstandarlaga. Det sørga for at nordmannen raskt fekk ein viktig posisjon i laget.
– Under Tour de France eitt år hadde vi mistanke om at det var eit anna konkurrerande lag som avlytta oss på radioen. Vi valde då å heller ta kommunikasjonen gjennom meg, på norsk-dansk inntil bilen. Så formildla eg det vidare til dei andre ute i feltet, seier Arvesen.
– Fann de ut om dette laget avlytta dykk?
– Det trur eg vi gjorde, seier Arvesen og drar litt på det.
– Men då eg starta med å snakke norsk-dansk var det vanskeleg for dei å forstå, seier Arvesen og flirer.
Les også: Så mange sykkelproffer trengs for å koke et egg
Likar leiarrolla
Bjarne Riis skal også ha sett ein naturleg leiartype i den då unge og talentfulle syklisten. Eresfjordingens ansvar for laget varte dermed heilt til han gjekk til Team Sky i 2009.
Gjennom dei fem åra under sportssjef Riis dirigerte han for store profilar som Fränk og Andy Schleck, Ivan Basso, Carlos Sastre og Stuart O’Grady.
– Det å ta ansvar og leiing fell meg naturleg. Eg synst det er betre å ta i eit tak, så får ein heller sjå etterpå om avgjerda var riktig. Det skjer jo mange ting i feltet som ein ikkje kan diskutere med bilen. Det er ikkje tid nok. Då må du ta ei avgjerd, seier Arvesen.
Takkar Riis
13 år med proffsykling har gjort Arvesen til ein av tidenes mest rutinerte norske proffsyklistar, med mellom anna elleve Grand Tour-startar.
Den rutina har han mykje å takke sportssjef Riis for.
– Han er ei underleg skrue. Utad kan han verke ganske kald og kynisk. Men han er absolutt eit godt hjarte. Han vil alt det beste for laget. Han er flink til å knytte gode folk rundt seg, og skapar eit godt samhald. Det levde laget på i mange, mange år.
Ofrar seg for Thor og Edvald
Søndag er Arvesen «road-captain» i sitt siste VM for Norge. Det betyr at eresfjorden tar dei viktige vala på laget, noko som kan føre til at tusenvis av norske fans langs vegane får innfridd håpet sitt:
At Thor Hushovd eller Edvald Boasson Hagen tar sigeren i København.
– Den jobben eg skal gjere saman med Gabriel Rasch kan bli avgjerande for Edvald og Thor. Vi skal prøve så godt vi kan å gjere reisa til Thor og Edvald lettare. Så om dei kan spare litt krefter i beina så kan dei bruke det og vinne løpet i finalen, avsluttar Arvesen.