Slik ser hoppstjerna ut etter skrekkfallet

Thomas Diethart har slitt tungt i bakken etter at han vann hoppveka samanlagt. I helga fekk den tidlegare kometen ein ny og brutal knekk.

Thomas Diethart

OPPSKRAPA: Hoppvekevinnar Thomas Diethart etter fallet i Tyskland.

Foto: Privat

Austerrikske Diethart blei offer for svært varierande vindforhold under kontinentalcup-rennet i tyske Brotterode.

Sjå video av det brutale fallet her:

– Kan vere karrieretruande

Diethart blei frakta til sjukehus i Meiningen. Der blei det fastslått at han var kraftig forslått, men utan alvorlege skader.

Diethart

FØR: Thomas Diethart i februar i fjor.

Foto: Matthias Schrader / Ap

Likevel kan eit slikt fall vere karrieretruande, fortel NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.

– Storhopparen Thomas Morgenstern hadde eit liknande fall. Det kan skje med Diethart som med Morgenstern - at han blir redd og slit med å hoppe på ski, seier Remen Evensen.

– Sjølv om ein kjem seg tilbake i bakken igjen kan eit slikt fall sitte lenge i bakhovudet. Det kan vere karrieretruande. Vi får bare håpe at han ikkje får frykt for å hoppe godt, legg Remen Evensen til.

Mista sjølvtilliten

Morgenstern la opp i 2014 etter ei eventyrleg hoppkarriere. Austerrikaren falt riktig nok i Kulm, ein langt større bakke enn den Diethart var uheldig i denne helga.

– Eg har ikkje fått tilbake selvtilliten eg behøver etter det stygge fallet førre sesong, sa Morgenstern då han la opp.

Sjå Morgensterns fall her:

Thomas Morgenstern falt stygt under treningsrennet i Kulm.

LA OPP ETTER DETTE FALLET: Austerrikske Thomas Morgenstern.

Dietharts brutale møte med bakken gjør det gjerne lettare å forstå at juryen ofte begrensar farten i hoppkonkurransar og i verste fall må avlyse renn.

– Det er enorme krefter i sving. Konsekvensane er brutale om det går gale. Det er når ein ser slike fall at ein ein skjønnar kvifor juryen er forsiktige. Det er ikkje spennande å sjå renn der juryen er forsiktig, men når juryen bommar i vurderingane ser ein raskt kor gale det kan gå, seier Remen Evensen.

– Har slitt med vekta

Diethart hoppa seg plutseleg inn i verdseliten då han vann hoppveka samanlagt i 2014. I sesongane etter har han slitt tungt med å levere nye, lange svev.

– Han kom frå intet, vann hoppveka og forsvann like raskt igjen. Eg veit at han har slitt med å halde låg vekt. Det har kanskje påverka hoppinga hans, seier hoppekspert Remen Evensen.

NRK anbefaler

Siste nytt

  • Zlatan kan debutere i Gøteborg

    Den svenske superstjernen Zlatan Ibrahimovic kan få sin debut for Manchester United mot Galatasaray i Göteborg lørdag. Ibrahimovic ankommer med resten av Manchester Uniteds tropp, melder kamparrangøren via NTB. 34-åringen hadde sin første trening med United torsdag. Hvis Zlatan får sin debut lørdag vil det i så fall bli hans første kamp i karrieren for et engelsk klubblag.

    91336744 Manchester United Unveil New Signing Zlatan Ibrahimovic
    Foto: John Peters / Man Utd via Getty Images
  • Bentley er sykemeldt

    Problemene rundt Odd-spilleren Chukwuma «Bentley» Akabueze fortsetter. Han er nå sykemeldt, ifølge Telemarksavisa. Tidligere fredag meldte Varden at Odd-trener Dag-Eilev Fagermo hadde bestemt seg for å vrake nigerianeren til søndagens Brann-kamp. Bentley ønsker seg bort fra Skien og til en mer lukrativ kontrakt. Odd har avslått et tilbud fra FC Sheriff Tiraspol. Bentley sa torsdag sa at han «aldri mer ville spille for klubben». Senere samme dag var tonen snudd, det melder NTB.

    Bentley
    Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Eliteserien Sarpsborg 08 - Start
Sarpsborg 08-Start
Skishow på sommerføre: Fellesstart
Blink/Skishow på sommerføre
NM friidrett
NM i friidrett