Hopp til innhold

Skreiv draumen i leire – ni år seinare gjekk han i oppfylling

Foreldra til Ole Bjørgvik Holm (19) skjønte tidleg kor lyst sonen hadde til å bli NHL-proff. No følgjer Manglerud-guten i fotspora til to av dei største legendene i norsk ishockey.

Holm

MÅLRETTA: Ole Bjørgvik Holm har skrive kontrakt med Columbus Blue Jackets i den beste ishockeyligaen i verda. Målet vart foreviga i form av leire allereie på barneskulen (innfelt).

Foto: Ric Kruszynski/Privat

– Eg fann fram ein gammal leirklump for litt sidan som han hadde laga under eit prosjekt på barneskulen. Der hadde han skrive inn namnet hans under NHL, så sa han heilt bestemt til meg at han ein dag skulle spele i NHL, fortel Tone Bjørgvik.

Denne veka vart det stadfesta at sonen Ole Bjørgvik Holm hadde skrive den første NHL-kontrakten sin med Columbus Blue Jackets.

I fjor vart han den 22. nordmannen som klarte å komme gjennom det ekstremt tronge nålauget det er å bli draftet av eit NHL-lag.

Derfrå hadde han tre år på seg til å overtyde Blue Jackets om at han var god nok til å få ein plass i troppen, men eitt år seinare er altså signaturen allereie sett på den gjæve kontrakten.

Leireklump

KLARE MÅL: Allereie på barneskulen hadde Holm klart for seg at han skulle bli NHL-spelar.

Foto: Privat

– Dette er veldig spesielt for meg. Samtalane eg har hatt med dei det siste året har vore gode, men ein kan ikkje vere heilt sikker før det faktisk skjer, seier Noregs nye NHL-proff til NRK.

Sneik seg ut frå skulen

Dei som har jobba tett med han gjennom karrieren er samde om kvifor han allereie i ein alder av 19 år har komme seg til den største ishockeyligaen i verda.

Enorme fysiske føresetnader og ein heilt ekstrem treningsvilje er skildringar som går igjen.

– Eg har vore i nokre foreldresamtalar der eg fekk vite at han hadde snike seg ut frå skulen for å dra på trening. Det har vore så mykje trening på ulike lag og åleine at eg har måtta setje ned foten nokre gonger, seier mamma Tone og humrar.

– Allereie som 16-åring hadde han innstillinga til ein toppidrettsutøvar. Han stod opp tidleg om morgonen og hadde unnagjort ei heil økt før resten kom på isen, fortel Rune Molberg som trena Holm før han flytta til USA då han var 16 år.

Sjølv er Holm heilt sikker på at det er alle timane på isen, i treningsstudio og i hagen til foreldra som har teke han dit han er i dag.

Ole Bjørgvik Holm

TIDLEG UTE: Manglerud-guten stod på skøyter før han hadde lært seg å gå.

Foto: Privat

– Dei som kjenner meg vil nok seie at eg er ein treningsnerd. Men eg har alltid vore overtydd om at viss eg trenar mest, så blir eg best, seier han.

I fotspora til «Shampo»

Holm følgjer i fotspora til to av nordmennene med flest kampar i den beste ishockeyligaen i verda. Ole-Kristian Tollefsen vart draftet av same klubb i 2002, medan Espen «Shampo» Knutsen spelte store delar av NHL-karrieren sin i Blue Jackets.

Knutsen er trygg på at klubben frå Ohio, aust i USA, er ein perfekt stad for Holm akkurat no.

– Eg trur klubben passar han bra. Det er ein fin by. Ein har mest fokus på hockey, for det er ikkje så mange andre freistingar i den byen. Det er ein klubb som tek godt vare på spelarane som kjem. Det er som ein liten familie der borte, seier «Shampo».

Den norske ishockeylegenda vart først draftet av Hartford Whalers i 1990, men fekk ikkje NHL-debuten før i 1997, då for Anaheim Ducks.

Han veit difor det meste om kva som ventar Holm framover. Og Knutsen er ikkje i tvil om at det vil krevje mykje av ungguten framover.

– Han har valt den aller tøffaste vegen. No skal han inn i eit ungt AHL-lag der alle kjempar om dei få plassane som dukkar opp på a-laget i tida framover. Han kan ikkje stå med hua i handa no, for han er nøydd til å vise seg fram, seier Knutsen.

Ole Bjørgvik Holm

TØFF VEG: Holm har framleis mykje jobb framfor seg før han blir ein del av laget til Blue Jackets. Først må han vise seg fram på farmarlaga til NHL-klubben.

Foto: Ric Kruszynski

For ung for AHL

Holm er ikkje usamd med Knutsen om at vegen kjem til å bli både krevjande og mest sannsynleg lang.

– Det blir definitivt utfordrande, men det er ikkje berre ulemper ved å gå denne vegen heller. Ein blir veldig vant til settingen, og ein lærer mykje av å konkurrere mot spelarar som er i akkurat same situasjon som meg, seier Holm.

Nokon debut i NHL kommande sesong blir det neppe. Faktisk er Holm for ung til å spele for farmarlaget Cleveland Monsters i AHL òg. Dermed kjem kamptilværet til å bli i Mississauga Steelheads, som spelar i ein av dei tre store juniorligaene i Canada.

Holm påpeikar uansett at Columbus Blue Jackets er i ein fase der dei skal byggje opp laget på nytt, noko som kan gje han sjansen fortare enn han hadde fått i andre klubbar.

– No er alt opp til meg. Eg tør ikkje å seie når eg håpar å få debuten, men eg kjem til å gjere alt for å overtyde dei om at eg fortener det.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal