– Vi kan ikkje gå ut og forvente at store selskaper vil bruke pengar på ein idrett som er så uforutsigbar, seier Christiansen.
I vinter gjekk Oilers-eigaren høgt ut og presenterte visjonar om eit hockeyevetyr i Bergen. Christiansen ville bidra til å bygge ein hockeyklubb tilsvarande suksessklubben Stavanger Oilers, men kravet var at lokale krefter måtte investere saman med han.
No er planane lagt på is fordi Christiansen finn det nyttelaust å selge inn produktet norsk hockey til nye investorar.
– Det er ingen seriøse selskaper som vil bli assosiert med den type oppførsel som vi i norsk hockey har bidratt med.
Krisesesongane som spolerte utviklinga
For dei siste åra har norsk ishockey opplevd skandale etter skandale.
- I april i år blei fleire eliteserieklubbar anmeldt av UDI for å ha brukt spelarar ulovleg
- Før sesongstart i fjor blei Lørenskog straffa med 20 minuspoeng for å ha vore seine med å levere inn sin lisenssøknad etter sesongen i forvegen
- I 2013 slo kemnaren til og avdekka betydeleg økonomisk slurv i norsk hockey
Christiansen blei spesielt skremt av UDI-saka.
– UDI-saka var skremmande fordi den avsløra store hol i systemet. Eg vil gjerne sjå at ting betrar seg no.
Vil ha sponsorar tilbake etter oppvask i systemet
Ishockeypresident Gerhard Nilsen lovar betring framfor denne sesongen. Etter førre sesong har forbundet tatt store grep for å forindre ny turbulens i norsk hockey.
- Alle klubbar er kopla opp mot eit internasjonalt system for å forindre at spelarar blir brukt ulovleg. Framfor kvar kamp skal dommarane sjekke systemet for å forsikre seg om at spelarane har arbeidstillatelse frå UDI.
- For å stoppe ei blodrød, økonomisk utvikling og stoppe konkurs har forbundet tilsett ein eigen kontrollør, som følgjer utviklinga i kvar enkelt klubb gjennom sesongen.
- Dommarane får lønn via lønningskontoret til Norges Idrettsforbund den 20. kvar månad. Klubbane delinnbetaler dommarlønna sju gangar i løpet av sesongen.
- Norsk Topphockey vil garantere for siste dommarinnbetaling ved å halde tilbake ein del av sponsormidlane som blir fordelt til klubbane.
– I fjor handla ni av ti oppslag om utanomsportslege ting. Vi er ikkje interessert i å ha det slik, seier Nilsen.
– Vi har mange eksempel på sponsorar som har trekt seg ut av norsk hockey fordi dei ikkje vil vere profilerte som sponsorar for klubbar som ikkje har orden i økonomien.
– Fryktar du ein ny skandalesesong?
– At klubbar skal bruke ulovlege spelarar fryktar vi ikkje. Det er nok umogleg no. At det kan vere klubbar som får likviditetsproblem gjennom året kan ikkje eg avfeie. Vi har gjort veldig mange tiltak for å redusere risikoen for at det skal skje, seier Nilsen.
Krever eitt år med «orden i sysakene»
Oilers-Christiansen seier at det vil ta minst eitt år før han vurderer å høyre med investorar i Bergen om dei vil bidra til eit stort, nytt hockeyeventyr i Norge.
– Vi må i alle fall ha eitt år med orden i sysakene og eit sterkt forbund som bidrar til å bygge norsk hockey. Dei har masse bra på agendaen no. Så får vi sjå om det betrar seg, seier Christiansen.