– Nei, eg begynner å bli gamal veit du. Skrotten held ikkje heilt lenger, seier Daniel-André Tande og ler.
Han er ved godt mot etter å ha snudd eit skuffande fyrstehopp til ein godkjent fjerdeplass i opningsrennet i hoppveka.
Tande gliser og tek high-fives med dei fleste rundt han på sletta og er langt frå bekymra trass væskeopphoping i ankelen som gjer at ein «Donald-kul» bular ut under skidressen og kneet som har skranta litt den siste tida.
– Eg er ikkje bekymra og trur ikkje det kunne blitt meir optimalt. Eit litt småirritert kne klarer eg å leve med.
Bekymra ekspert
NRKs-hoppekspert Johan Remen Evensen er litt meir bekymra enn hovudpersonen sjølv.
– Det er ikkje optimalt at han slit med kneet og ankelen. Men han har jo vist at han kan hoppe bakken ned sjølv med skaden. Nå handlar det om å halde det i sjakk og ta forholdsreglar, seier Evensen.
Og det har Tande gjort den siste tida.
For meniskskaden i kneet har vore eit tema sidan Tande fall på eit treningshopp under den fyrste snøtreninga i Vikersund.
Sidan da har Kongsberg-hopparen knapt hoppa på trening mellom verdscuphelgene.
– Renna i helgene har vore stor nok belastning i seg sjølv. Eg har greidd meg fint utan å hoppe heime. Eg kunne jo ha vore med på fotballtennis i dag, men da må eg halde meg unna trening i morgon, seier Tande.
I hoppveka får han heller ikkje bli med på den vanlege oppvarminga.
– Det er ikkje store saker, men me må sørgje for at det ikkje blir verre. Han er ikkje med på fotballkampar eller volleyball. Han har eit eige program under oppvarming for ikkje å irritere kneet, seier Stöckl.
– Ting ser bra ut
Medisinsk koordinator Lars Haugvad, trur heller ikkje skaden vil øydelegge for Tande i hoppveka.
– Ting ser bra ut og det er ingen alvorleg skade. Me regulerer belastninga mot å kunne prestere på høgste nivå, seier Haugvad.
Tande sjølv ser optimistisk på sjansane sine samanlagt.
– Eg ser veldig lyst på det. Om du ser på historia i skihopping, så er det mange som har vore lenger bak og framleis vunne, seier han.