Hopp til innhold

Fnyser av Austerrike-utspel: – Ta dykk ein bolle og grin i eit hjørne

Austerrikes sportssjef meiner framleis det er farlegare for kvinner å hoppe skiflyging enn menn. Argumentasjonen får Silje Opseth til å reagere kraftig.

Raw Air 2023

REAGERER: Silje Opseth har lite til overs for utspelet til Austerrikes sportssjef.

Foto: Geir Olsen / NTB

Mario Stecher, som er Austerrikes sportssjef i hopp og kombinert, meiner at det er for tidleg for alle kvinner å hoppe skiflyging, og er usikker på han ønskjer fleire skiflygingskonkurransar i framtida.

– Eg har eit ope sinn. Det kan fungere, men det kan også vere veldig farleg, seier Stecher til NRK etter det historiske skiflygingsrennet på kvinnesida i Vikersund.

Han peikar på tryggleiken, og meiner at kvinner fell hardare enn menn.

– Eg trur det er for tidleg for alle kvinner, for eg er ikkje sikker på om det er trygt for kvar einaste dame. Tryggleiken gjeld ikkje berre dei dårlegaste kvinnene, men også dei beste. Dei kan òg falle, og falla kan bli endå styggare enn falla til herrane. Det er noko vi må tenkje på, seier han.

– Kvifor blir falla verre for damene?

– Viss ein har meir fart, så kan falla bli endå hardare. Det er noko eg meiner vi alle må snakke om og tenkje på. Og det er noko eg meiner vi ikkje vil ha.

Den påstanden fell ikkje i god jord hos den norske hoppleiren.

– Får kikke på listene éin gong til

Når Silje Opseth får presentert påstanden til Stecher, reagerer ho kraftig.

– Jaha. Kvifor det liksom? Det skjønner eg ikkje heilt. Og no er det ikkje nokon som har vore i nærleiken av å falle den helga her. Og vi har ikkje så mykje høgare fare enn det gutane har, seier Opseth til NRK.

Raw Air 2023

NUMMER TO: Silje Opseth vart nummer to i skiflygingsrennet i Vikersund i Raw Air-turneringa.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ho meiner Stecher bør studere resultatlista frå den historiske helga litt nøyare.

– Eg kikka litt på det, og eg hadde lågare fart på treninga på laurdag enn det gutane hadde i rennet. Det fartsmomentet der klarer eg ikkje heilt å skjønne. Då får dei kikke på listene ein gong til, seier ho.

Ho ser seg lei av at det stadig dukkar opp kritiske røyster til kvinner og skiflyging.

– Eg skulle ønske dei klarte å innsjå at dei tek feil snart. Det har vi jo no bevist at dei gjer. Og eg trur at med fleire hopp så vil vi takle det endå betre, òg. Så nei. Ta dykk ein bolle og stå og grin i eit hjørne. Det er det eg har å seie til dei, seier ho.

Raw Air 2023

HISTORISK PALL: Silje Opseth (2), Ema Klinec (1) og Yuki Ito (3) stod øvst på det historiske skiflygingsrennet for kvinner.

Foto: Geir Olsen / NTB

Det same meiner Maren Lundby.

– Det er liten forskjell på farten. Og slik eg har skjønt det, så sjølv om vi har litt høgare utgangsfart, så aukar dei farten utover i svevet. Så det er ikkje sikkert farten i landinga til Kraft til dømes er noko lågare enn vår. Den er fort høgare enn vår òg. Eg veit ikkje om eg er samd i det, seier Lundby.

Ho ristar på hovudet.

– Kan vi slutte å snakke om at jenter ikkje kan flyge, er det fint. Eg vil prate om noko anna eg no, seier Lundby.

Les også Maren Lundby brøt historisk grense – verdensrekordbonanza i Vikersund

Renndirektør: Vikersund gav håp for fremtida

Sportssjef Clas Brede Bråthen har ein tydeleg kontrabeskjed til Stecher.

– Eg har fått med kva slags diskusjon forgjengaren hans starta i Austerrike. Det er veldig fint om dei kan byrje å argumentere med ting dei også kan dokumentere, og ikkje berre komme med påstandar. For det er jo berre påstandar som bryt med det legeforsking seier, seier Bråthen til NRK.

Raw Air 2023

UTDATERT: Clas Brede Bråthen meiner ein bør lese seg opp på forsking.

Foto: Geir Olsen / NTB

I løpet av våren vil det bli bestemt om skiflyging hamnar på kalenderen på kvinnesida til neste sesong. Bråthen håpar dette ikkje vart ei eingongsgreie, som med måneferda.

Renndirektør Chika Yoshida, fortel at dei skal setje seg ned og diskutere om det blir verdscuprenn i skiflyging, men meiner at helga i Vikersund gav håp for framtida.

– Vi må ha gode forhold og ei god bakke for at vi kan halde fram med å utvikle skiflyging for kvinner, men vi kunne sjå denne helga at dette går fint, seier Yoshida til NRK.

I tillegg vil dei vurdere om dei kan opne opp for større startliste enn 15 utøvarar, og om utstyret kan utviklast for å gjere hoppinga endå tryggare.

– Meir fart fører til meir landingsfart, men vinklane er litt annleis i skiflyging i landinga. Vi skal diskutere utstyret både for kvinner og menn. Større dressar gir mindre fart, men då kan ikkje juryen sjå kor langt eit skihopp flyr om det kjem meir vind enn anteke. Så vi må vere forsiktige, seier ho.

Les også Granerud advarer etter «kjedelig»-stempel: – Det blir fryktelig eksklusivt

Skiflyging Raw Air 2023

Siste nytt

  • Norges U21-herrer fikk juling av Spania

    Det norske U21-landslaget møtte tøff motstand og tapte 0-4 mot Spania i en privatlandskamp.

    Etter et kvarter gikk spanjolene opp i føringen med etter et innlegg som ble stanget i mål av Simo Keddari.

    Angel Ortiz doblet ledelsen etter en halvtime etter en retur fra Martin Børsheim. Real Madrid-spilleren Gonzalo Garcia økte til 3-0 rett før pause.

    Miguel Carvalho sørget for 4-0 etter 60 minutter.

    Norge spiller ingen tellende kamper denne måneden etter at de innledet EM-kvalifiseringen med 5-0-seier over Slovenia i september.

    I november venter imidlertid Israel og Bosnia-Hercegovina i EM-kvalfifseringen for U21-landslaget. Nederland er også i gruppa. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Sverige tapte skjebnekamp – VM-drømmen i fare

    Sverige har fortsatt ikke vunnet en kamp i VM-kvalifiseringen. Fredag gikk de på et 0–2-tap mot Sveits.

    Etter tre kamper ligger svenskene på en foreløpig sisteplass i gruppe B, med kun ett poeng.

    Sveits leder gruppa med ni poeng. Andreplassen innehar Kosovo med fire poeng.

    Gruppevinneren går direkte til VM, mens andreplassen kan kvalifisere seg gjennom omspill.

    Det gjenstår fortsatt tre kamper i kvalifiseringen. Om tre dager venter Kosovo på hjemmebane.

    Sverige kan også få muligheten til å nå omspill via sin gruppeseier på nivå C i Nasjonsligaen.

    Like før pause hadde Lucas Bergvall en kjempemulighet til å gi de blågule ledelsen mot Sveits, men 19-åringen bommet på ballen.

    Sveits' Granit Xhaka scoret på straffe etter 65 minutter. På overtid satte Johan Manzambi inn 2–0.

    Tidligere har de gule og blå spilt uavgjort mot Slovenia og tapt 0–2 mot Kosovo.

    Lucas Bergvall bommet på en eventyrlig mulighet da Sverige tapte 0-2 mot Sveits i VM-kvalifiseringen.
  • Viking-veteran ferdig etter sesongen: – Trist og vemodig

    Den lokale profilen Yann-Erik de Lanlay forlater Viking etter sesongen.

    Stavanger-klubben opplyser om nyheten på sine nettsider fredag kveld.

    – Det er trist og vemodig at det er slutt etter denne sesongen. Jeg kjenner på en enorm takknemlighet og har følt meg privilegert over å få representere denne klubben i så mange år. Viking har betydd alt for meg, sier de Lanlay.

    33-åringen fikk A-lagsdebuten i 2010. Fem år senere gikk han til Rosenborg, før han tilbake til Viking i 2020. Klubben skriver at det har blitt over 350 kamper i mørkeblått.

    – Jeg er veldig stolt over ha spilt så mange kamper for klubben. Det hadde jeg ikke trodd da jeg kom til juniorlaget i 2007, sier de Lanlay og legger til at han «kjenner på stolthet».

    Denne sesongen har de Lanlay spilt to minutter i Eliteserien. Det skjedde i serieåpningen i mars. Hva neste kapittel blir, vet han ikke ennå. (NTB/NRK)

    Yann-Erik de Lanlay i 2024
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal