Nederlandske Sifan Hassan (31) har sett seg eit skyhøgt mål for sommar-OL, ho skal nemleg delta i heile fire ulike øvingar:
1500 meter (forsøk, semifinale og finale), 5000 meter (forsøk og finale), 10.000 meter (finale) og Maraton (finale).
Totalt kan det bli sju løp, 66,5 kilometer og fire medaljar på ti dagar for 31-åringen.
SJOKKERT: Slik reagerte Hassan da ho tok OL-gull på 5000 meter.
Foto: APEin som lèt seg imponere over dei høge ambisjonane er NRKs friidrettskommentator Jann Post.
– Om ho endar opp med å springe fire øvingar, så er det ellevilt. Det vil krevje enormt fysisk og mentalt. Førebuingane blir òg ekstremt krevjande, trur kommentatoren.
Post peikar på den store variasjonen mellom distansane Hassan skal konkurrere i:
– Det er stor forskjell på 1500 meter mot verdsrekordhaldaren og ein maraton i ei kupert løype.
Fall frå gullet
Etiopisk-fødde Hassan er vand med utfordringar.
«Etter mørket, kjem lyset og etter motgang, blir det lettare,» har 31-åringen sagt.
Hassan er født i Adama, Etiopia, kor ho vaks opp på gard med mora og bestemora. Ho var 15 år da ho kom til Nederland som flyktning i 2008. Nokre år seinare vart ho oppdaga som eit talent mens ho studerte til å bli sjukepleiar.
Sidan den gong har Hassan sprunge seg inn i historiebøkene.
Det er nemleg ikkje første gong langdistanseløparen gir seg ut på fleire distansar i same meisterskap.
Under OL i Tokyo for tre år sidan, prøvde Hassan seg på trippelen med 1500, 5000 og 10.000 meter. Det enda med to gull og éin bronse (1500 meter).
– Kvifor trur du ho går for OL-kvadrupelen nå?
– Ho liker galskapen i det. Det verkar som ho får motivasjon av at andre tenker på det som umogleg. Ho blei den første til å vinne 1500 og 10.000 meter i same VM og gjekk for tre distansar i førre OL. Så vi har sett ho utfordre på nye måtar før òg, seier Post.
I fjor prøvde ho å gjenta suksessen i VM i friidrett i Budapest, men på 10.000-meteren fall ho frå gullmedaljen.
Hassan har fortalt at tusen tankar gjekk gjennom hovudet hennar da ho fall.
– Eg tenkte: «Ok, eg må roe meg ned, eg kan ikkje gråte fordi eg allereie er ein suksess, eg må vere ein rollemodell for folk som har utfordringar».
Ho prøvde å sjå det positive i det:
– Det kunne vore verre. Mista eg tennene? Nei. Mista eg handa? Nei, eg er ok, eg er frisk, og eg må vere takknemleg.
I ettertid har ho sett endå meir filosofisk på det:
– Vi har alle oppturar og nedturar, eg trur det er det som gjør livet vakkert.
NRKs friidrettsekspert tolkar fallet slik:
– Fallet i fjor var nok eit resultat av programmet.
Han er redd årets OL-program òg kan bli for tøft, sjølv for rutinerte Hassan:
– Det kan absolutt bli for mykje for henne. Både der og då, og i etterkant. Etter førre OL gjekk ho på ein smell og trena svært lite i eit halvt år. Det var ei utlading av dei sjeldne, meiner Post.
GIR ALT: Langdistanseløparen er vand til å ta seg ut. Her ligg ho med ein ispose etter at ho vann 10.000-meteren i OL i Tokyo.
Foto: APMå 100 år tilbake i tid for å finne noko liknande
– Er det eigentleg nokon som kan måle seg mot Hassans ambisjonar?
– Ikkje i friidretten akkurat nå. Det finst fleire som kunne sprunge fleire distansar. Men dei er ikkje villige til å gamble bort vinnarsjansane i sine beste øvingar, seier Post.
IMPONERT: NRKs friidrettsekspert og kommentator Jann Post meiner ingenting kan måle seg med Hassans OL-planar.
Foto: Celina Øier, NRKVi må langt tilbake i tid for å finne noko som liknar på Hassans stunt.
Faktisk må vi heilt tilbake til nettopp OL i Paris for 100 år sidan.
Finske Paavo Nurmi sprang 1500 (forsøk og finale), 5000 (forsøk og finale), terrengløp og 3000 m lagkonkurranse (forsøk og finale). Langdistanseløparen deltok i sju konkurransar på seks dagar, og vann alt.
Men friidretten har utvikla seg mykje på 100 år – så kan prestasjonane i det heile samanliknast?
– Nurmi var ein frisk type, som var unik i si tid. Han var jo òg irritert for at finnane fordelte vinnarsjansane slik at han ikkje fekk springe 10.000 meter i ein meisterskap. Eg synest maraton som siste øving gjer ein mogleg kvadrupel for Hassan minst like krevjande. I tillegg har nok friidretten utvikla seg litt at ein møter fleire spesialistar på enkeltøvingar nå, seie Post.
OL I PARIS: Paavo Nurmi tok fire OL-gull på seks dagar under dei olympiske leikane i Paris for 100 år sidan.
Foto: AP– Skal vere fornøgd om ho tar medalje i det heile teke
Den einaste som har tatt gull på 5000 meter, 10.000 meter og maratonar i same OL er tsjekkiske Emil Zatopek. Han tok trippelt gull i 1952.
Post tviler på om Hassan klarer det same.
– Slik det ser ut akkurat no skal ho vere nøgd om ho tar medalje i det heile teke, meiner Post.
Likevel avskriv han ikkje den ambisiøse nederlendaren:
– Me har sett ho treffe ekstremt bra med meisterskapsforma tidlegare. 1500 meter blir veldig krevjande denne gongen med tre løparar under 3.51 i år. 5000 meter held eit høgare nivå enn nokon gong.
Post meiner Hassan har best sjansar på 10.000 meter og maraton.
– Men no kjem dei seint i meisterskapen for henne. Eg blir svært overraska og imponert om ho tar 4 medaljar, seier Post.
RIVALAR: Faith Kipyegon er storfavoritt til a ta gullet på 1500 meter og 5000 meter. Kan Hassan slå henne?
Foto: JEWEL SAMAD / AFP