NRK Meny
Normal

Petter Solberg om Schumacher: – No har han kome over ein kneik, så no kjem han over ein kneik til

Formel 1-køyraren Michael Schumacher er ute av koma og er overført frå sjukehuset i Grenoble til Lausanne i Sveits. – Det var godt å høyre, no håpar eg at dette går rette vegen, seier motorsport-kameraten Petter Solberg.

Petter Solberg

- Dette var kjempegodt å høyre, seier Petter Solberg, som har vore redd for kameraten sin sidan ulykka i desember

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Telegrambyrået AFP melder at Schumacher no innlagd på sjukehus i Lausanne for vidare behandling.

Ifølgje den tyske avisa Bild kommuniserer han med kona Corinne og deira barn.

– Å, dette var kjempegodt å høyre, seier ein glad Petter Solberg til NRK.no.

Rallycrossføraren hadde ikkje høyrt om endringa i Schumachers tilstand då NRK.no kontakta han.

«Alle mine tanker er hos Michael Schumacher i kveld. Jeg ber for én siste seier for deg min venn», skreiv Solberg på si Facebook-side då nyheita om skiulykka vart kjent i desember.

Redd for kameraten

Ulykka til Michael Schumacher har gjort sterkt inntrykk på Petter Solberg. Han har vore svært redd for kameraten som han kjenner etter mange år i bilsporten.

– No har han kome over ein kneik, så no kjem han nok over ein kneik til, seier han forhåpningsfullt.

Schumacher har lege i koma på sjukehuset etter ei skiulykke i romjula. Legane valde å holde han i kunstig koma for å redusere oppsvellinga av hjernen.

– Schumacher har reist frå Grenoble-sjukehuset for å begynne ein lang rehabiliteringsprosess, heiter det i fråsegna frå sjukehuset.

Den seier ikkje noko om korleis tilstanden for Schumacher er.

Trur mange hadde gitt opp håpet

Lars Bohinen.

- Veldig gledeleg. Det var sikekrt mange som hadde gitt opp håpet, seier Lars Bohinen

Foto: Fredrik Laland Ekeli / NRK

– Dette var veldig gledeleg, seier Lars Bohinen, som kjenner Schumacher godt.

– Vi hadde ein god del kontakt i åra frå 1999 til 2008-09, seier han. – Det var sikkert mange som hadde gitt opp håpet no, påpeikar han.

– Schumacher er ein legende i sitt miljø, og det er ei veldig gledelig overrasking at han er på betringas veg. Det hadde vore for dumt at dette skulle være slutten.

Schumachers oppvakning frå koma og overførsel til eit anna sjukehus gjekk ikkje hus forbi i fotball-VM heller. Tysklands angrepsspelar Lukas Podolski kjenner Shcumacher personleg. – Eg vil helse til ein god ven, som dessverre ikkje kan vere her. Det er Michael Schumacher, som er like fotballgalen som nokon av oss. Om vi vinn tittelen, vil det gjere han veldig glad, sa Podolsky.

Tyskland møter Portugal i sin første VM-kamp i kveld.

Hytte i Trysil

Michael Schumacher kjøpte hytte i Trysil midt på 90-talet, og budde der opptil tre månader i året. I den perioden deltok han også på fotballtreningane med Nybergsund IL.

– Her i einsemda hentar eg krefter til sigrane mine, sa han til Motorsport Magazin.

Det var 29. desember Schumacher fall på ein skitur off piste i Meribel i dei franske Alpane. Han slo hovudet mot stein, og var i koma då han vart frakta til sjukehus. Skadene var livstruende, og Schumacher svevde lenge mellom, liv og død.

Michael Schumacher

Michael Schumacher var kjent som ein god skiløper, men i romjula var uhellet ute

Foto: PATRICK HERTZOG / Afp

Seinere har han vore halden i koma, og det har helt til nyleg vore uvisst om han ville overleve . Men i slutten av januar sette legane i gang ein svært sakte oppvakningsprosess.

Familien takkar

Familien vil takke alle legane, sjukepleiarane og terapeutene for jobben dei gjorde i den første tida etter ulukka, og også dei som gav han førstehjelp på ulukkesstaden, seier talskvinna.

Ho legg til at rehabiliteringa vil gå «utanfor det offentlige rom», det vil seie at ingen kjem til å gi detaljer om korleis det går med den tidlegare verdsmeisteren, eller kvar han oppheld seg.

Michael Schumacher vart verdsmeister i formel 1 sju gonger mellom 1994 og 2004. Han la opp i 2006, men kom tilbake i 2010 og køyrde tre sesonger til. Totalt vann han 91 formel 1-løp i karrieren.

Siste nytt

  • Lorentzen 3 hundredeler unna pallen

    Håvard Holmefjord Lorentzen var bare 17 hundredeler bak Ronald Mulder, men siden det er så jevnt i toppen, holder 34,79 «bare» til 6.-plass. Daichi Yamanaka tar 2.-plassen med 34,65, mens Hein Otterspeer sikrer en pallplass med 34,76. Lorentzen var åpenbart preget av å ha gått 1500 meter i B-gruppen tidligere lørdag.

    Håvard Lorentzen
    Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
  • Rød med brudd i hånden

    Magnus Abelvik Rød står i fare for å miste håndball-EM i Kroatia i januar etter å gjennomgått en operasjon for et brudd i hånden. 20-åringen er ute i åtte uker.

    Firenasjonersturnering i håndball for menn
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
  • Weng står over Beito-sprinten

    Heidi Weng starter ikke lørdagens sprint på Beitostølen, og vil heller konsentrere seg om søndagens 10-kilometer, opplyser skiforbundet lørdag morgen.

    Weng
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Cupfinale G19, Molde – Rosenborg
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
Sesongstart skiskyting: Sprint menn
V-cup skøyter
NM kombinert: Langrenn
V-cup skøyter: 500 m menn
V-cup skøyter: 1500 m kvinner
NM kombinert: 5 km langrenn
NM kombinert: 5 km langrenn
Cupfinale: Før cupfinalen for kvinner