Etter halfpipe-konkurransen i US Open laurdag blei det klart. Ingen har klart å overgå tenåringen Ståle Sandbech i TTR-serien denne sesongen.
Han har nemleg vore seriens bestemann i to slopestyle-konkurransar, to halfpipe-konkurransar og ein big air-konkurranse. Plasseringane var nok til å sikre samanlagttriumfen i snøbrettsportens verdscup.
Sjekk nordmannens TTR-resultat her.
Landslagssjefen: – Skulle litt til å ta frå han triumfen
Amerikanske Christian Haller kunne ta World Tour-sigeren frå den norske landslagskøyraren med siger eller andreplass i US Opens halfpipe-konkurranse.
Det klarte han aldri.
– Vi hadde eigentleg rekna litt med at det skulle skje. Det skulle litt til for at nokon skulle ta den frå han, seier landslagssjef Thomas Harstad.
– Kor stort er det?
– Det er veldig stort. Det viser at han har køyrt stabilt gjennom heile sesongen. Han har ikkje tatt så mange pallplasseringar, men det blir raskt samanlagtsiger om ein held seg i toppen.
– Kva betyr ein samanlagtsiger for Ståle?
– Dei fleste køyrarane har vel eigentleg som hovudfokus å vinne ein enkeltkonkurranse. Men å vinne samanlagt betyr jo noko for ein køyrar med tanke på meir sponsing.
Samanlagt-premie: Null kroner
Sandbech får ikkje premiepengar for samanlagt-tittelen, men det betyr gjerne lite når han har vore stabil i toppen gjennom vinteren.
– Ståle har fått mykje TV-tid her i USA, og er ein attraktiv køyrar, avsluttar landslagssjef Harstad.