Her får OL-vinnaren russisk drapstrussel

Skiskyttaren Sebastian Samuelsson har vore tydeleg på at Russland ikkje burde få tilbake Wada-medlemskapet sitt. Derfor blir han trua med dødspatrulje.

Sebbe

DRAPSTRUSLAR: Sebastian Samuelsson har fått russiske drapstruslar for sitt klare standpunkt om ikkje å sleppe Russland inn igjen i Wada

Foto: Montasje / NTB/Scanpix

– Eg har fått ein anonym e-post med truslar om ein russisk dødspatrulje, ja, stadfestar Samuelsson overfor NRK.

– Det er ikkje moro. Men det er sikkert ein russisk galning som vil påverke mine haldningar, legg han til.

NRK har fått tilgang til e-postane Samuelsson har teke imot.

– Eg går til politiet med dette, seier han.

Det var svenske Dagens Nyheter (bak betalingsmur) som omtala saka først.

Seb,

ANONYMOUS, CONFIDENTIAL

The Russians have sent a death squad after you. They are now active on the road. Mission: to sway IBU elections. Details:

Send 3 bitcoins (btc) to

xxx

Confirm. Will send to you immediately after. 24 hours. Waiting now!!

Anonym russer / Sebastian Samuelsons epost

Då tidsfristen nærma seg, fekk han ein ny mail med påminning:

Hey,

I contacted you yesterday, and this is serious business by the Russians. If you do nothing about it, it's your decision.

Anonym russer / Sebastian Samuelssons epost

Men det er nettopp det som kan kome til å skje på styremøtet i Wada i dag, trass i at Russland enno ikkje har imøtekome Wadas opphavlege krav.

– Dei kompromissar for mykje, seier Samuelsson.

Reaksjonar i Russland

– Dei var veldig tydelege i 2015 då dei laga «vegkartet» for Russlands dopinghandtering. Men etter at dei har fått stort press frå Russland, IOC og andre store organisasjonar, gir dei etter. Det synest eg er leit, seier han.

Det har tydelegvis vekt reaksjonar i Russland, og i førre veke fekk han ein mail der han blei kravd for 3 bitcoins (157.170 kroner) innan 24 timar. «Elles kjem ein dødsskvadron frå Russland og tar deg».

– Ubehageleg

– Eg håpar det ikkje er nokon fare, kanskje er det heller ikkje, seier han ifølgje Expressen.

– Men det er ubehageleg, og eg vil melde det til politiet når eg kjem heim, seier Samuelsson, som er på treningsleir i Ruhpolding.

Siste nytt

  • Lippi blir landslagssjef for Kina

    Italienske Marcello Lippi er tilbake som trener for det kinesiske herrelandslaget i fotball, fire måneder etter at han ble erstattet av Fabio Cannavaro, melder NTB. 71-åringens, som måtte gå etter tapet mot Iran (0-3) kvartfinalen i Asia-mesterskapet i januar, skal nå forsøke å ta Kina til VM-sluttspillet i Qatar i 2022.

    AFP_1GU5VG
    Foto: STR / AFP
  • Finland sendte Sverige ut av VM

    Finland scoret etter bare et minutt i kvartfinalen i ishockey-VM, men Sverige slo tilbake og ledet 3-1. Finnene snudde igjen kampen og vant 4-3. Dermed er de klare for semifinale, hvor de møter Russland. Canada og Tsjekkia møtes i den andre semien.

    X01548
    Foto: DAVID W CERNY / Reuters
  • Johannessen og Rød nærmere gull

    Gøran Johannessen scoret seks mål da Flensburg-Handewitt slo Stuttgart 30-20 og tok et nytt steg mot tysk seriegull i håndball.

    Laget tok sin 30. seier på 32 seriekamper. Det gjenstår to seriekamper av sesongen.

    Magnus Rød scoret fem mål.

    f
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal