Hopp til innhold

Sainz vant regntung kvalifisering på Silverstone

Carlos Sainz overrasket og vant kvalifiseringen på Silverstone. Det så lenge ut til at Max Verstappen skulle ta førsteplassen, men på siste runde leverte Sainz en knalltid og tok seg forbi nederlenderen.

Det betyr altså at Sainz starter fremst i startfeltet i hovedløpet på Silverstone. Han får Verstappen ved sin side, mens Leclerc tok tredjeplass.

Det er første gang Sainz tar beste startspor i Formel 1-karrieren.

Britain F1 GP Auto Racing
Foto: Frank Augstein / AP

Siste nytt

  • Milan opna tittelforsvaret med siger

    Tittelforsvarar Milan opna den sye sesongen i Serie A med 4-2 over Udinese laurdag, etter 2-2 ved pause.

    Milan kom bakpå etter to minutt, men snudde til leiing. Ved pause var det 2-2, men Milan avgjorde i andre omgang.

    Theo Hernandez, Ante Rebic 2 og Brahim scora for Milan.

    Inter, som var hardaste utfordraren til sin byrival sist sesong, vann også sin opningskamp, men måtte slite borte mot Lecce.

    Først fem minutt på overtid sette Denzel Dumfires inn 2-1. Rumelu Lukako gav Inter ei tidleg leing. Lecce utlikna rett etter pause,

    Charles de Ketelaere, Milan
    Foto: DANIELE MASCOLO / Reuters
  • Hovland tre under par laurdag

    Viktor Hovland avanserte nokre plasseringar da han gjekk 3.-runden av storturneringa i Memphis på tre slag under par. Totalt står han med seks slag under par.

    Det held til foreløpig delt 29.-plass. Han starta dagen på 46.-plass. Over halve feltet har så vidt starta på sin tredje runde.

    Viktor Hovland starta med ein birdie, men rauk på ein bogey på hol nummer to og var tilbake på par for runden.

    Han slo til med ein birdie på det neste par-fem-holet.

    Etter fem hol på par følgde det ein bogey på niande holet, og han var tilbake på par for runden. Han følgde deretter opp med ein birdie på det tiande holet. Det blei bogey på hol 13 og han var nok ein gang tilbake på par.

    Han reparerte mykje da han gjorde to raske birdiar på hol 14 og 15. Et dårleg andreslag, der han måtte droppe, øydela moglegheita for å avansere ytterlegare på det 16. holet – et par-fem-hol.

    Dagens sjette birdie kom på avslutningsholet. Han hadde også tre bogeys på runden.

    Viktor Hovland
    Foto: Stacy Revere / AFP
  • Kontroversar rundt utlikning i Bergen

    Stabæk såg lenge ut til å bli det første laget som skulle slå Brann i Bergen i Toppserien denne sesongen, men Brann greidde å utlikne til 1-1 på ei kontroversiell scoring fire minutt på overtid.

    Iris Omarsdottir scora etter ein halv time i første omgang. Branns overtids-utlikning kom ved Maria Brochmann, som var sist på ballen i ei mølje etter corner.

    - Den scoringa burde ikkje blitt godkjend, sa Stabæks keeper Sunniva Skoglund til NRK.

    - I gode ni av ti tilfelle får keeper medhald i slike situasjonar, sa NRKs Carl Erik Torp.

    Brann kunne sikra seg sigeren i grunnserien og 6 poeng i sluttspelet med siger. Trass poengtapet er det likevel så godt som sikkert at Brann vinn grunnserien.

    Også Rosenborg og Vålerenga er sluttspelklare. Fire lag kjempar om den fjerde og siste sluttspelplassen, inkludert Stabæk.

    I det kontroversielle sluttspelet får dei fire laga med seg 6, 4, 2 og 0 poeng.

    Tidlegare denne veka varsla supporterklubbane i dei største Toppserie-klubbane at dei ikkje vil stille opp med organiserte aktivitetar på kampen i sluttspelet, i protest.

    – Lytt til supportarane, vi er ein ekstremt viktig del av fotballen, og vi vil ikkje ha det. Det er mange andre som ikkje vil ha det heller, ingen vil ha det, sa Gjert Moldestad frå Bataljonen då sluttspelet blei diskutert på NRK i pausen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste