Anette Sagen tenkjer framover og er ikkje framand for ei trenarkarriere nå ho legg skia på hylla.
– Eg synest det er kjempekjekt å sjå på skihopping uansett. Viss eg kan hjelpa nokon andre til å hoppa bra på ski, er det berre moro.
Har topptrenarutdanning
Sagen har teke topptrenarutdanning gjennom Olympiatoppen og NTNU i Trondheim. Ho har òg alt starta å jobba litt som trenar på si.
– Ja, eg er med ein del som trenar for rekruttgruppa Flying Team Vikersund når eg har høve. Det er kjempekjekt.
29-åringen legg ikkje skjul på at landslagstrenar er interessant på sikt.
– Eg har lyst å ta den karrierevegen når eg ein dag er ferdig som aktiv. Men eg må starta ein stad, og skaffa meg erfaring. Me får sjå kor langt eg kan nå som trenar. Eg må ta det stegvis.
Mange moglegheiter
Sjølv om det ikkje vart OL i Sotsji som deltakar, kan ho gjerne tenkja seg å bidra om det skulle verta OL i Oslo.
– Eg studerer Event og sport management. Om me skulle få OL til Oslo, kan eg gjerne tenkja meg å bidra for å få det til på ein bra måte. Eg har mange moglegheiter, understreker jenta frå Mosjøen.
- Les også: Sagen får Sotsji-tur likevel
Ikkje ferdig enno
Men før den tid, har Sagen klare mål i bakken.
– Eg føler ikkje eg er ferdig som skihoppar enno. Eg har det framleis artig i hoppbakken.
Målet er å få hoppa dei siste verdscuprenna, spesielt i storbakken i Holmekollen og avslutninga i Planica.
– Neste år håpar eg å koma med til VM i Falun, og at eg kan gjera det bra der.