– Au, au, au! Dette er frykteleg stygt, sa NRKs Bjarne Solbakken medan Moine skreik av smerte i løypa.
– Dei hyla orkar eg ikkje høyre på. Dette var frykteleg stygt, la kommentator Andreas Toft til.
Franskmannen blei den tredje utforkøyraren som falt stygt i Garmisch-Partenkirchen fredag. Moines fall var også det verste.
25-åringen mista kontrollen mot slutten av løypa, og i møtet med bakken blei venstre bein vridd stygt i ein unaturleg stilling.
– Dette er det verste som kan skje. Sjefen for løypa får eit stort ansvar når vi ser korleis det har gått, sa Solbakken.
Guay falt: – Hadde ikkje overlevd i Kitzbühel
Også amerikanske Steven Nyman og kanadiske Eric Guay falt hardt i utforløypa.
Ekspertkommentator Bjarne Solbakken meiner Guays fall hadde vore livsfarleg i ein annan bakke.
– Det er noko av det verste eg har sett. Det var flaks at det skjedde akkurat der det skjedde. Hadde dette skjedd på Hausberg-kanten i Kitzbühel hadde han ikkje overlevd, sa Solbakken.
Også Nyman mista kontrollen i svevet, og fekk eit hardt møte med bakken. Amerikanaren blei frakta vekk i helikopter.
Jansrud på andreplass
Kjetil Jansrud kom seg heilskinna ned til leiing, men blei etter kvart dytta ned til andreplass av Travis Ganong.
Aleksander Aamodt Kilde var ute etter å kopiere fjorårssigeren i Garmisch, men køyrte ut etter å ha slitt i den vanskelege løypa. Kilde traff ein port i utkøyringa, og hadde tydelege smerter i handa.