NRK Meny
Normal

Russland tapte anka i CAS - ingen friidrettsutøvarar til OL

Idrettens voldgiftsrett (CAS) har bestemt seg for å behalde utestenginga av russiske friidrettsutøvarar under OL i Rio.

Jelena Isinbajeva

FÅR IKKJE DELTA: Stavhoppar Jelena Isinbajeva får ikkje delta i OL, etter dommen i CAS i dag.

Foto: Jamie Squire / Getty Images

68 utøvarar anka dommen frå det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) om utestenging, men tapte i dag ankesaka i CAS.

CAS melder at avgjerda vart tatt for å «gje like føresetnadar for utøvarane».

– Tusen takk for denne gravferda for friidretten, seier stavhoppar Jelena Isinbajeva til nyheitsbyrået TASS, melder Reuters.

Isinbajeva står med to OL-gull og ein bronse i stavsprang frå dei tre siste olympiske leikane.

Verdas raskaste mann, Usain Bolt, sa dette om avgjerda.

– Viss ein har juksa er det berre å gje ein slik beskjed og vise at det får konsekvensar, seier Bolt, som ikkje ville svare på om det var ei rett eller feil avgjerd.

Russland rasar

Sportsminister i Russland, Vitalij Mutko, er lite nøgd med avgjerda.

– Etter mitt syn er dette ein subjektiv og politisk avgjerd som ikkje har eit rettsleg grunnlag, seier Mutko ifølge det russiske nyheitsbyrået TASS.

Etter at det vart avdekka systematisk doping i russisk friidrett i fjor, oppfordra verdas antidoping byrå (WADA) IAAF å utestengde Russland frå alle internasjonale stemner. Avgjerda vart anka, men den vart avvist i dag.

Tidlegare i veka kom rapporten som hevdar å bevisa statleg systematisk doping i fleire idrettar, og no truar IOC med å utestengde heile Russland frå OL.

Den saka er forventa avslutta i løpet av den neste veka.

Berre to får delta

– Medan vi er takknemleg for at våre reglar og vår oppfordring har blitt støtta av CAS, er dette ingen gledas dag. Eg tok ikkje steget inn i sporten for å hindre utøvarar frå å konkurrera. Vi vil halde fram arbeidet med Russland for å laga eit dopingfritt miljø for utøvarane deira, slik at dei kan returnera til den internasjonale arenaen, melder IAAF-president Sebastian Coe i ei pressemelding.

– Eg syns det var ganske klart og eg trudde ikkje dei hadde ein sjanse. No er det bestemt at friidrett ikkje får delta, men eg trur ikkje dette kjem til å påverka avgjerda til IOC med tanke på å utestengde alle russiske utøvarar, seier president i det europeiske friidrettsforbundet, Svein Arne Hansen.

Julia Stepanova får delta under nøytralt flagg, sidan ho varsla om systematisk doping i russisk friidrett. I tillegg har den Florida-baserte lengdehopparen Darya Klishina fått klarsignal av IAAF.

Siste nytt

  • Bråten ble tredjemann i USA

    Øystein Bråten hevet seg fra kvalifiseringen og slo til med tredjeplass i slopestylefinalen under verdenstouren i fristil i Breckenridge.

    Øystein Bråten
    Foto: Norfreeski
  • Tredjeplass på Røisland

    20-åringen fra Høvik kom seg inn på pallen i Dew Tour i kveld. Han endte fem poeng bak Max Parrot fra Canada som vant slopestyle-konkurransen. Ståle Sandbech kom på niendeplass og Emil Ulsletten endte på 12.- plass.

    Røisland
    Foto: Matthew Stockman / AFP
  • Legkov legger ikke opp

    Aleksander Legkov sin trener, Markus Cramer er irriitert på Aftonbladet sin artikkel om at Legkov legger opp. – Legkov venter på beslutningen fra CAS og vil da bestemme seg for sin sportslige fremtid, sier han til NRK.

    Markus Cramer, russisk langrennstrener
    Foto: Arild Samsvik / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Storslalåm, menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang, menn
V-cup alpint: Storslalåm 1. omgang menn
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup alpint: Super-G, kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup alpint: Super-G kvinner
V-cup langrenn: 10 km klassisk jaktstart, kvinner