Russisk OL-medaljør doping-straffa
Fire russiske utøvarar er straffa for doping i OL i 2008 og 2012, melder IOC. Ein av utøvarane er Maria Abakumova, som tok sølv i spyd i Beijing i 2008. Ho vart avslørt for å ha teke stoffet turinabol. Også 400 m-løpar Denis Alexejev blir straffa for det same, og det betyr at Russland mister bronsen på 4x400 m stafett. Dei tre andre var ikkje medaljevinnarar. Ei rekke prøver frå dei to leikane er i år testa på nytt med meir moderne metodar.