Rønning tok med det sin første triumf under denne sesongens Tour de Ski. Alex Harvey (Canada) og Dario Cologna (Sveits) følgde nærast.
I dryge 20 kilometer stod kampen om Tour-samandraget i fokus, men då eit par hundre meter gjenstod tok Eldar Rønning tak i oppgeret om etappesigeren.
- SAMLESIDE: Alt om Tour de Ski
Løfshus: – Fortent
Opp siste bakke var trønderen suveren, og kunne stake seg til mål med solid forsprang på motstandarane.
– I dag fekk han endeleg betalt. Gode ski og god form, seier landslagssjef Vidar Løfshus til NRK.
– Klarte ikkje hjelpe Northug
Også Rønning sjølv synst det klaffa med både utstyr og kropp, men ikkje før han hadde gått seg varm.
– Eg kjende at det var ein bra dag. Men eg hadde ikkje så mykje å gje i forhold til å hjelpe Northug på dei innlagde spurtane, og fekk ikkje til å gå så taktisk som vi hadde tenkt, seier Rønning som trur Northugs overmann, Dario Cologna, kan gå trygt mot siger på Tour de Ski-finalen sundag.
- LES OGSÅ: Northug: Skia var gode, eg var tung
VIDEO: Fornøgd Rønning etter førsteplassen (artikkelen held fram)
– Denne triumfen heng høgt
Men sjølv om Northugs plan ikkje fungerte optimalt, kunne Rønning juble for at hans plan klaffa optimalt på slutten av etappen.
– Eg er skikkeleg glad. Det har butta imot i touren så langt, så dette betyr enormt mykje. Eg har ikkje så mange sigrar i karriera, og Tour de Ski-triumf heng alltid høgt, seier sigerherren.
Sjølv ofrar han ikkje samanlagtstillinga ein tanke før siste etappe sundag.
– No ligg eg så langt bak at det bare blir gjennomkøyring i morgon. Siste etappe blir bare god erfaring å ta med seg vidare, avsluttar Rønning til NRK.