Barcelona hadde spelt 38 kampar utan å tape. Den sigersrekka tok slutt under El Clasico i kveld.
– For ein triumf for Zidane. Mange seier han berre har fått jobben på grunn av namnet og at han har vore i klubben lenge. Så snur han sitt fyrste El Clasico og vinn på bortebane. Det er det ikkje mange som har gjort i debuten, seier fotballekspert Petter Veland i Viasat-studio.
For ingen Real Madrid-manager har vunne sitt fyrste El Clasico sidan 2007.
Både Carlo Ancelotti, Jose Mourinho, Juande Ramos, Rafael Benitez og Manuel Pellegrini tapte sine fyrste storoppgjer mot Barcelona.
– Eg er veldig stolt av det spelarane gjorde. Det er ikkje ein enkel stad å spele, så eg er veldig fornøgd med alt - ikkje berre resultatet, sa Zidane på pressekonferansen etter kampen.
Alt skjedde på fem minutt
Men det var den suverene ligaleiaren som tok teten etter 56 minutt etter ein litt tam fyrste omgang til klassikerkampen å vere. Gerad Pique knuste Pepe i hovudduellen og stanga hardt inn 1-0.
Så bestemte dei to storlaga for å ta ansvar for laurdagsunderhaldninga. Den siste halvtimen av Zinedine Zidanes debut som trenar i El Clasico, blei svært underhaldande.
Karim Benzema kickstarta det heile med eit vanvittig volleyskot til 1-1.
Så skjedde alt i løpet av fem minutt mot slutten.
Alle trur at Gareth Bale har sendt Real i føringa når han vinn duellen over Dani Alves og headar inn målet. Men dommaren blåser mot Bale for hard behandling av Alves og dermed blir målet annulert.
Så får Sergio Ramos sitt andre gule kort og ryker i dusjen. Real må avslutte kampen med ein mann mindre, men det hindrar dei lite.
Barcelona ser ut til å ha mista lufta av ballongen og plutseleg blir det køyrt heilt over av dei kvite frå hovudstaden.
Og kven andre er det da som avgjer enn Cristiano Ronaldo. Saman med ein revansjesugen Gareth Bale stormar portugisaren mot mål.
Waliseren legger over ballen til Ronaldo som tek ned ballen på svært elegant vis. Frå skrått hold bankar han inn sigersmålet og kan lette frå bakken i sin vante målfeiring.
Dermed kan Zinedine Zidane puste letta ut etter sin fyrste sjanse som trenar i El Clasico, og det på bortebane.
Trass i tapet har Barcelona god leiing på toppen av La Liga med seks poeng ned til Athletico Madrid. Real Madrid er poenget bak der igjen når sju kampar står att.