– Pallplassene er tatt, så jeg slit litt no, sa Bjørn Einar Romøren humoristisk då han som fjerde norske hoppar skulle fortelje om VM-draumane sine under hopplandslagets pressekonferanse torsdag.
Men no har draumane fått eit skot for baugen. Romøren er vraka til normalbakkerennet i Midstua fredag.
– Eg er veldig skuffa. Eg har kjempa for å komme inn i troppen, men eg skal ikkje gje meg no. No siktar eg bare fram mot søndag, seier Romøren.
Søndag er det laghopping i Midtstuebakken.
- LES OGSÅ: Eg er outsidar og skal hoppe i VM
Skuffa over treningshoppa
Romøren kom med i VM-troppen som femte mann. Sesongen har vore dårleg for hopparen, men han har heile tida nekta å sjå på seg sjølv som ein reserve.
– Eg er skuffa over meg sjølv for at eg ikkje fikk ut alt i treningshoppinga før dette rennet, seier han.
Ingen ting å seie på uttaket
Hopparen er i første omgang vraka til fordel for Anders Bardal, som lenge blei sett på som ein utfordrar til den fjerde konkurranseplassen på landslaget.
– Eg har ingen ting å seie på sjølve uttaket, seier Romøren.
- LES OGSÅ: – Austerrikarane er for sterke