Hopp til innhold

Skammar seg over skrekktal: – Det er vondt å snakke med folk om det

Ei marerittrekkje av dei heilt sjeldne ser ut til å heimsøkje Julie Hoff Klæboe og Tuva Lotte Leschbrandt Espås. Det går på sjølvtilliten laus.

Julie Hoff Klæboe, Røa

MÅLTØRKE: Haustsesongen til laget frå vestkanten vart ikkje slik Julie Hoff Klæboe hadde håpa.

Foto: Erlend Martinsen / NRK

Sju kampar. Ti timar. Så lenge har det har gått sidan Røa sist sette ballen i motsett nett.

Spiss Tuva Lotte Leschbrandt Espås har ikkje skåra sidan 3. juni, og makkar Julie Hoff Klæboe – som no er skadd – har gått sidan 24. juni utan ei nettkjenning. Det er ei hard pille å svelgje for spissparet.

– Det er vondt å høyre sånne tal, og det er vanskeleg å setje fingeren på akkurat kva det er som skjer, seier Espås.

Tuva Lotte Leschbrandt Espås

SVOLTEN: Espås fortel at det er ingenting ho heller vil, enn å skåre mål for klubben. 

Foto: Erlend Martinsen / NRK

Dei to spissane blir målte etter kor mange mål dei produserer. Når det buttar imot, ser dei fordelen av å vere to saman om det.

– Det er vondt å snakke med folk om det, opnar Klæboe.

– Synest du det er flautt?

– Ja, absolutt, stadfestar 24-åringen overfor NRK.

Laurdag gjestar Røa tabellnabo Stabæk. Kampen ser du på NRK 1.

– Hadde ikkje lyst til å stå igjen etter trening

I podkasten «Meir enn 4-4-2», fortel Klæboe om den frustrerande tida i Kolbotn – klubben ho spelte for før ho gjekk til Røa. Der skåra ho totalt elleve mål på fem sesongar.

Julie Hoff Klæboe

SIDELINJA: Klæboe må sjå på laget sitt frå sidelinja på grunn av skade i leggen.

Foto: Erlend Martinsen / NRK

– Du føler at det står skrive i panna di, at du er: «Spissen som ikkje skårar mål». Eg hadde ikkje lyst til å stå igjen og øve på det eg var dårleg på, eg ville ikkje vise det til dei som spelte på laget mitt, fortel ho ærleg i podkasten.

Røa starta sesongen bra. Dei to lagvenninnene ser tilbake på ein vår kvar laget var i godt driv og hadde litt stong inn – heilt til medgangen stoppa opp.

– Eg drit i kven som skårar

Trenar Geir Nordby må innsjå fakta – laget har ikkje skåra sidan juni. No vil han at laget skal opne målkontoen igjen, men han legg ikkje alt presset på spissane.

– Eg drit i kven som skårar, berre laget skårar. Det er eit lagspel vi held på med, fortel han.

Geir Nordby

MYKJE Å TENKJE PÅ FOR NORDBY: Sesongen nærmar seg slutt, og det er få poeng som skil laga på tabellen.

Foto: Erlend Martinsen / NRK

Nordby trur det er i ferd med å losne litt, og han har fokus på å ufarleggjere, og å få spelarane til å tore og prøve.

– Det er verre ting i verda enn ikkje å skåre mål akkurat no. La oss sleppe oss laus og ha det gøy, det er derfor vi er her, avsluttar han.

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal