Hopp til innhold

Ristar på hovudet etter VM-opninga: – Dette har ikkje noko for seg

Utklassingssiffer og lite spenning har prega opninga av handball-VM på heimebane. Noreg knuste både Grønland og Austerrike, og no rasar debatten rundt deltakinga til dei svake laga.

bildecollage: bent svele og grøndlandske fans

VINN ELLER FORSVINN: Det var vill jubel frå grønlandske supporterar under VM-opninga onsdag. Ekspert Bent Svele liker idrettsgleda, men meiner «svake» lag vatnar ut VM-produktet.

Foto: Geir Olsen / Beate Oma Dahle / NTB

– Eg tykkjer det er ei utvatning av produktet. Det er ingen som tykkjer det er morosamt å sjå så store forskjellar. Vi liker å sjå Noreg vinne, men ikkje at dei skårar nesten 50 mål og slepp inn nokre få, seier TV 2s handballekspert Bent Svele til NRK.

For to år sidan utvida Det internasjonale handballforbundet (IHF) deltakarlista i VM frå 24 til 32 lag, i håp om å gjere handballen meir internasjonal.

bent svele

IKKJE IMPONERT: Tidlegare handballspelar og dagleg leiar i HamKam Bent Svele.

Foto: NTB

Svele meiner at lag som Grønland ikkje høyrer heime i ein verdsmeisterskap:

– At ein, i hermeteikn, venninnegjeng frå Grønland speler handball ved sida av vanlege jobbar er fint og flott. Men at dei skal delta i VM set ikkje noko kvalitetsstempel på ein verdsmeisterskap.

Han meiner det var feil av IHF å auke talet på deltakarland i VM.

– Når forskjellane blir så store, så har dei ikkje noko i VM å gjere. Å auke frå 24 til 32 lag tykkjer eg er altfor mykje. Sjølv om grunntanken er å spreie handballen meir, høyrer ikkje dette heime i ein verdsmeisterskap. Hassan Moustafa (IHF-president) og IHF har ein våt draum om at USA skal ta handballen til seg. Fram til det skjer, har ikkje dette noko for seg.

Ser du noko positivt ved det?

– Det tykkjer eg er vanskeleg å si, sa Svele til NRK før fredagens kamp mot Austerrike.

NRK har sendt kritikken til IHF, men har førebels ikkje fått noko svar.

Knuste Austerrike: – Altfor mange lag

Noreg knuste Grønland med 32 mål i opningskampen, 43–11. Fredag kveld fekk dei litt tøffare motstand frå Austerrike, men vann komfortabelt.

Veldig, veldig bra. Eg tykkjer stort sett alle leverer. Vi har dobbel dekning i alle posisjonar og vi er på frå start. Henny i den stilen i dag, er fantastisk. Det er gledeleg at alle melder seg på, seier Nora Mørk til NRK.

Henny Reistad varta opp med fantastisk spel før pause, og noterte seg for heile sju nettkjenningar. Da leia heimelaget med ni mål.

Det var deilig. Det var godt. Vi spelte på ein måte som eg likar godt. Det var god flyt, seier Reistad.

Alt ho tok på blei til gull i dag. Hun var skikkeleg god, rosar kaptein Stine Bredal Oftedal.

Henny Reistad

STJERNE: Henny Reistad.

Foto: NTB

Austerrike hang brukbart med vidare, men var aldri i nærleiken av å gjere det spanande. Reistad hald fram med å dominere, og på kanten varta Camilla Herrem opp med den eine fulltreffaren etter den andre.

Til slutt hadde alle dei norske spelarane notert seg for scoring. Då dommaren blåste av kampen kunne Noreg juble for siger med 17 mål meir enn Austerrike.

– Ingen skal fortelje meg at Austerrike får noko ut av dette her. Det er altfor mange lag, konkluderte TV 3s kommentator og tidlegare landslagstrenar Gunnar Pettersen på tampen av kveldens kamp.

NRKs ekspert Amanda Kurtovic er einig.

– Eg hadde forventa at Noreg skulle køyre over Austerrike, men at det skulle bli så mange mål, både bakover og framover, hadde ingen av oss forventa, seier ho.

– Del av noko større

Noregs kaptein har ein litt anna oppfatning av den utvida VM-modellen enn Svele.

– Sjå på Grønland i går og kor stort dei tykkjer det er. Da er det kanskje heilt rett likevel? Om vi skal sjå det på det planet, så må vi spørje «Kva er eigentleg handball for oss?», «Kva skal det vere?» Eg tykkjer det er ein positiv ting. Men du får òg eit par kampar som blir litt mindre spennande, seier Stine Bredal Oftedal til NRK.

Ho mimrar tilbake til førre VM, da dei fekk eit rørande møte med Iran, som dei òg slo med 32 mål.

 Irans målvakt Fatemeh Khalili Behfar er rørt etter å ha blitt kåret til banens beste i VM-kampen i gruppespillet mellom Iran og Norge i Ciutat de Castelló.

BESTE SPELAR: Irans målvakt Fatemeh Khalili Behfar vart rørt til tårer etter å ha vorte kåra til beste spelar i VM-kampen i gruppespelet mellom Iran og Noreg i VM i Spania i 2021.

Foto: NTB

– Når vi spelte mot Iran for to år sidan, vart det plutseleg ein kjempeemosjonell augeblink på slutten der målvakta fekk «beste spelar» og vart rørt.

Venninnene til Oftedal vart òg rørt av kampen i går, fortel kapteinen.

– Dei tykte det var kjemparørande å sjå kor kult Grønland tykte det var å få til eit par ting mot oss. Igjen, så tykkjer eg det kjem an på kva du vil ha ut av kampen. Reint handballmessig er eg heilt samd i at det kan bli kjedeleg. Men du får litt hjarte inni sånne kampar òg, meiner Oftedal.

silje bredal oftedal og nora mørk

GOD STEMNING: Stine Bredal Oftedal og Nora Mørk etter gruppespelkampen mellom Noreg og Grønland, der Mørk vart spart og følgde sigeren frå sidelinja.

Foto: NTB

Noreg-trenar Thorir Hergeirsson meiner ønsket om å spreie bodskapen om handballen trumfar argumentet om ujamne kampar.

– Eg ser større på det. Handballen er ein del av noko større. Det er ikkje berre vi som har komme lengst som skal eige dette. Det skal vere ope for alle. Det meiner eg er eit viktig argument for at vi skal vere litt overberande og audmjuke og tenkje at det toler vi – at det blir nokre ujamne kampar i starten. Og så dreg det seg til etter kvart, seier islendingen til NRK.

thorir hergeirsson

DEL AV NOKO STØRRE: Thorir Hergeirsson meiner vi kan lære av idrettsgleda til Grønland.

Foto: NTB

– Fekk vi litt bevis på det med idrettsgleda til Grønland?

– Ja, og det tykkjer eg er viktig. Det viser oss at vi aldri må gløyme. Vi blir fort bortskjemde når vi har utøvarar og lag som presterer i verdstoppen. Da er det lett å tenkje at det er det som gjeld, svarer Hergeirsson og held fram:

– Idrett og toppidrett er ein overskotsaktivitet. Det er noko ein gjer fordi ein er glad i det og det gir deg noko. Når du kjem til VM for første gong på 22 år er det enormt stort for Grønland. For spelarane og menneska der. Da ser ein jo andre sider ved idrett og toppidrett. Det er stoltheit, glede, entusiasme, begeistring. Det er utruleg viktig. Det minner oss på det at det handlar om meir enn berre å vinne. Det handlar òg om å vere del av noko større.

grønland-norge. håndball-vm 2023

JUBEL: Dei grønlandske spelarane feira etter stortapet mot Noreg. Det var deira første VM-kamp i handball på 22 år.

Foto: NTB

Fredag møtte Noreg austerriksk motstand, som ifølgje handballekspert Svele òg er ein svak motstandar for dei norske handballjentene. Austerrike var nemleg eitt av to land som fekk delt ut eit «wildcard» av IHF, som får delta i VM sjølv om dei ikkje kvalifiserte seg.

– Å byrje å dele ut wildcard, og gi dei til Island og Austerrike når dei ikkje er betre enn dei er, da fell modellen litt for seg sjølv. Ambisjonen er sikkert fin og flott med å inkludere, men det vatnar ut produktet, meiner Svele.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal