Richardson-Bergsma kryssa målstreken på 1.12,51 og slo den gamle rekordhaldaren Brittany Bowe med tre hundredeler i den beste 1000-meteren nokonsinne.
Og som om ikkje det var nok: I eit tidlegare par hadde Ida Njåtun knust den 15 år gamle norske rekorden til Edel Therese Høiseth med eit heilt sekund.
Høiseths rekord på 1.15,37 var sett i år 2000. Ingen har klart å knekke den før i kveld.
Njåtun opna forsiktig og låg bak sin makker Olga Fatkulina etter både 200 og 600 meter. Men med ein kollossal sisterunde på 28,4 var Njåtun likevel klart føre i mål, og på den svært gode tida 1.14,37. Det skulle halde til sjuandeplass.
Video: Sjå Idas rekordløp
Verdsrekord to gonger
Men så kom dei amerikanske stoirfavorittane, og dei skuffa ikkje. I tredje siste par gjekk verdsrekordhaldar Brittany Bowe hardt ut og heldt farten til mål. 1.12,54 var fire hundredelear betre enn hennar eigen rekord frå 2013.
Så var det Heather Richardson-Bergsma. Ho heldt nesten nøyaktig same fart som Bowe i alle rundane, og var tre hundredeler betre i mål. Ho var også hardt pressa av Hong Zang, som fekk 1.12,61.
I siste par kom Jorien ter Mors inn på 1.12,66 og fjerdeplass.
15 hundredeler skilde dermed dei fire beste i den beste 1000-meteren i kvinneleg skøytehistorie, med fire av dei seks raskaste løpa gjennom tidene.
Personleg rekord for alle norske
Alle dei norske løparane sette personlege rekordar på distansen i kveld.
I B-gruppa senka Hege Bøkko sin pers med 72 hundredeler og enda på sjetteplass med 1.15,71.
I B-gruppa for menn vart Sindre Henriksen nr 9 med 1.09,10, og senka sin personlege rekord med heile 1,86 sekund. Sverre Lunde Pedersen vart nummer 12 med 1.09,31.
I A-gruppa kom Espen Aarnes Hvammen på 16.-plass med 1.08,78. Gerben Jorritsma vann på 1.07,20.
Einaste skaret i gleda laurdag var at Håvard Bøkkos rygg framleis er vrang. Derfor mått det norske laget trekkje seg frå lagtempo-konkurransen.