– Lagvenninne mine kunne ikkje skjøne at eg fortsette å spele. Dei var så overraska.
Jane O'Toole fortel om situasjonen som seinare har gått verda rundt. Kapteinen hos St. Mirren gav alt inn i ein duell, og kjente fort at noko gjekk feil.
Låg under 6-0
– Eg kjente at det skjedde noko og det var berre instinkt som gjorde at eg slo kneskåla på plass igjen. Det var eigentleg ein lette da det gjekk, for da gjorde det mindre vondt, fortel O'Toole nokre dagar etter på telefon til NRK.
På det tidspunktet låg St. Mirren under 6-0 borte mot Inverness etter 50 spelte minutt. Det såg med andre ord til å gå mot eit klart tap.
Men det hindra ikkje O'Toole i å trasse smertene og kome inn igjen på banen og fullføre dei 40 siste minutta.
– Laget mitt trong meg og eg ville hjelpe laget. Så eg fortsette. Det var vondt, men det var så mange andre ting å tenkje på i kampen, så det gjekk greitt, seier kapteinen.
Ho fortel at ho har fått kneskåla ut av ledd ein gong før, men har aldri slått den på plass igjen sjølv.
Idrettslege: – Ho må vere ei heilt spesiell dame
Idrettslege Lars Engebretsen er ein av landets største ekspertar på kneskadar. Han seier det er langt frå vanleg å slå kneskåla på plass igjen sjølv og så spele vidare.
– Det her er uvanleg. Ho må vere ei heilt spesiell dame, seier Engebretsen og utdjupar:
– Om det er fyrste gong ein får kneet ut av ledd, så går det ikkje an å gjere det sjølv. Da blir det blodig og ein må til sjukehus. Vanlegvis opererer ein etter at det har skjedd for andre gong. Her gjer ho det sjølv for fyrste gong og held fram med å spele, det er uvanleg for dei aller fleste pasientar, seier Engebretsen.
Viss ein har fått kneskåla ut av ledd mange gonger er det ikkje noko problem å slå den på plass sjølv, fortel Engebretsen. Da er kneleddet så løyst at det heller ikkje treng å vere så smertefullt.
Jobbar som tannlege
I ettertid har klippet der O'Toole slår kneskåla tilbake på plass igjen, gått verda rundt og er sett av fleire millionar.
O'Toole som utanom fotballen jobbar fulltid som tannlege, blir hylla som ein helt.
– Det er heilt utruleg at det har blitt sett så mykje på nettet. Eg har fått så mange meldingar. Det er heilt uverkeleg, seier O'Toole som forstår at mange synest det er forferdeleg å sjå videoen.
Likevel veit ho kva ho vil gjere viss det same skjer igjen.
– Eg ville gjort det igjen. Men nå har fysioterapeuten min lært meg ein lettare måte å gjere det på, seier ho med eit flir.
Mange har også tatt samanlikninga mot mannlege fotballspelarar som har det med å bruke ein del lenger tid rullande på bakken, etter hakket mindre alvorlege skader.
– Kanskje ikkje Neymar
O'Toole trur kvinnelege fotballspelarar har ei anna handling til filming.
– Det ville kanskje vore meir dramatisk om det hadde skjedd blant gutane. Me har ein anna mentalitet og held ofte fram om det skjer skader.
– Ville Neymar gjort det same som deg?
– Nei, kanskje ikkje Neymar, ler kapteinen.
Det høyrer med til historia at kampen ikkje snudde sjølv med den heltemodige innsatsen til St. Mirrens kaptein. Heimelaget Inverness vann kampen 7-0.