Hopp til innhold

RBK-legender hyller Glimt: – Viser at det framleis er mogleg

Bodø/Glimt skreiv seg inn i norsk fotballhistorie då dei besigra Roma 6–1 i serieligaen. Rosenborg-legender som sjølv har vore med på store sigrar i Europa dreg fram superlativa.

Eggen

IMPONERT: Rosenborg-legendene let seg imponere over det Bodø/Glimt presterte mot Roma.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Når det kjem til norske fotballbragder i Europa trekk ein gjerne fram Rosenborgs 3–0-siger borte mot Borussia Dortmund, heimesigeren deira, 2–0 mot Real Madrid, eller 2–1 sigeren borte mot Milan.

Dei store fotballprestasjonane er mange, og no vil også Bodø/Glimt ha eit ord med i laget når ein snakkar om dei store, norske fotballbragdene i Europa.

Eggen kjenner seg igjen

– Det er berre ein ting å seie: Ein fantastisk prestasjon av Bodø/Glimt. Og norsk fotball. Eit slikt resultat vil heve renommeet til norsk fotball. Det treng vi, og det er vi glade for, seier Nils Arne Eggen, som var trenar for Rosenborg under stordomstida deira.

José Mourinho har 1008 kampar under beltet som trenar, men han har aldri tidlegare leia eit lag som har sleppt inn seks mål i ein kamp. Før han møtte Bodø/Glimt. Og Eggen kjenner igjen det han ser frå Bodø/Glimt frå det han såg frå sitt eige Rosenborg.

– Alle trenarar må lære av dette. Alle bevegelsar i Bodø/Glimt går føre seg i forkant av neste situasjon. Det er eit mønster, ein bevegelse utløyser ein ny bevegelse, og då har du kommen langt, seier Eggen.

– Ikkje heilt ulikt RBK under deg?

– Det er attkjennande. Eg humrar over det, svarar Eggen.

På spørsmål om korleis han vil rangere Glimts prestasjon opp mot Rosenborg under hans leiing, svarar RBK-legenda:

– Dei er på god veg. Men du veit at det er to ulike generasjonar, og RBKs prestasjonar kom på slutten av 80-, 90- og byrjinga av 2000-talet. I dag er det Glimts prestasjon som det er all mogleg grunn til å glede seg over, for eit kvart fotballhjarte. Dei får utløyst eit spelemønster som verkar, seier Eggen.

– Stort for norsk fotball

Rosenborg-legendene som spela under Eggen lar seg også imponere over det dei gulkledde viste på Aspmyra.

Frode Johnsen mesterliga

Frode Johnsen i aksjon i meisterligaen mot Juventus.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Nydeleg å sjå eit ubekymra lag som vil vinne kamp etter kamp uansett kven dei møter! Berre å gratulere, skriv Frode Johnsen i ein SMS til NRK.

– Det er stort for norsk fotball. Det er fint med eit slikt flaggskip i Europa som Glimt er no. Det viser at det framleis er mogleg, seier Roar Strand til NRK.

Strand skåra eitt av måla i 2–0 sigeren mot Real Madrid, og veit godt korleis det er for spelarar å møte store lag i Europa.

– Som spelar er det veldig tilfredsstillande å vinne slike kampar. Ein kan leve lenge på det, seier han.

– Dette er eit resultat og ein prestasjon som aldri blir gløymt i Bodø.

Og skal ein tru Eggen har også Bodø/Glimt supporterane meir å glede seg over det neste året. For på spørsmål om kor langt klubben kan nå er svaret enkelt:

– Dei kan vinne. Sjølvsagt. Alle som slår Roma 6–1 kan vinne.

Siste nytt

  • United-beiler Ratcliffe: – Vil ikke betale en tåpelig pris

    Milliardær Jim Ratcliffe er interessert i å sikre seg fotballklubben Manchester United, men ikke for enhver pris. Han ønsker ikke å bli en angrende kjøper.

    Uniteds upopulære eiere, den amerikanske Glazer-familien, åpnet i november i fjor for å selge Old Trafford-klubben. Amerikanernes prisantydning antas å være i overkant av 60 milliarder kroner.

    Jim Ratcliffe er styreleder for den britiske kjemikaliegiganten Ineos. Fredag i forrige uke var teamet hans i samtaler med United. Dagen i forkant besøkte representanter for Sheikh Jassim klubben.

    I et intervju med Wall Street Journal sier 70 år gamle Ratcliffe at han ikke ville betale hva som helst.

    – Det du ikke ønsker å gjøre, er å betale en tåpelig pris for ting og deretter angre etterpå, sier han (NTB)

    Jim Ratcliffe
    Foto: Peter Byrne / AP
  • Vil ha hundekjører utestengt for doping

    Antidoping Norge ber om at en mannlig hundekjører utestenges i to år for brudd på dopingbestemmelsene. Det opplyser de i en pressemelding.

    Hundekjøreren ble testet under konkurranse i mars 2023 og inneholdt ifølge Antidoping Norge tetrahydrocannabinol. Stoffet tilhører dopinggruppe S8 - cannabinoder.

    FINNMARKSLØPET
    Foto: Jørn Losvar / NTB
  • Sevilla sparket treneren

    Når Sevilla skal spille mot Manchester United i europaligaens kvartfinale blir det uten treneren Jorge Sampaoli.

    Meldingen om sparkingen var mer eller mindre ventet og kom ikke som noen gedigen overraskelse. Argentineren Sampaoli har vært under press den siste tiden.

    Sevilla ligger plassert på 13.-plass i La Liga med sine 28 poeng på 26 kamper. De har seks lag bak seg, men har kun to poeng ned til laget som er plassert nest sist, Almeria.

    – Klubben har terminert kontrakten etter tapet for Getafe. Vi er nok en gang plassert rett over nedrykksstreken, heter det i en kommentar på klubbens hjemmeside.

    Kvartfinalekampene mot Manchester United spilles 13. og 20. april. (NTB)

     Jorge Sampaoli
    Foto: AP Photo / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Femmilas historie: Brekker seg av gammelt smøretriks 02:59
Neste