–Eg synest dette høyrest ut som eit eksempel på dårleg språkleg sjølvtillit, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås og held fram:
– Veldig mange idrettsarrangement rundt om i verda har flotte namn på nasjonalspråket. Vi har Marcialonga i Italia, Tour de France i Frankrike og Vasaloppet i Sverige. Alt dette fungerer veldig bra i marknadsføringssamanheng, sier Wetås.
Stri tørn
Landslagssjef Alexander Stöckl er derimot ueinig med Sråkrådet og omfamnar det nye namnet.
– Det er trendy, og det er viktig å trekke til seg eit yngre publikum. Vi er dei som set trenden i vår idrett, seier Alexander Stöckl.
– Dette blir ein fantastisk sjanse til å ta sporten eit steg vidare. Vi blir endå råare og tøffare, og ei slik turnering kan utvikle sporten, seier landslagssjefen til NRK.
Den norske hoppveka i mars blir ein stri tørn for hopparane. Ikkje berre skal det vere hopprenn i fire norske bakkar i løpet av ti dagar.
Men i tillegg skal også resultata frå laghopprenna og kvalifiseringsomgangane telje med i konkurransen.
Det betyr 16 strake teljande hopp rett etter at VM er over og nesten heilt mot slutten av verdscupsesongen.
Ingen dag er konkurransefri
– Vi har lyst til å utfordre med å lage den mest intense og tøffaste hoppkonkurransen, og på den måten skilje oss ut frå den tradisjonelle hoppveka, seier Arne Åbråten til NRK.
Han er arrangementssjef for den norske hoppveka, som skal skilje seg markert ut frå den tradisjonelle hoppveka i Tyskland og Austerrike ved kvart årsskifte.
Detaljane i konseptet blir presentert for hoppkomiteen i FIS i Zürich i dag.
– Det krev at vi leverer på øvste nivå når det gjeld logistikk, seier Åbråten til NRK.
Ekstrem sesongavslutning
Men turneringa betyr også eit ekstremt krav til hopparane i siste del av sesongen:
I midten av februar skal dei på Asia-turne med verdscup i Sapporo og Pyeongchang – sistnemnde blir også «prøve-OL» – mange tidssoner unna.
Så er det VM i Lahti.
Og berre seks dagar etter siste VM-hopprennet, er det start for Raw Air.
– Blir det i overkant?
– Det skal vi finne ut. Ingen skihoppar har vore med på noko slikt før. Men det blir ei utfordring rett etter VM. Nokre er glade, nokre er skuffa etter Lahti, seier Stöckl.
Anders Fannemel ser frem til en tøff konkurranse.
– Det er litt spesielt å ha skiflyging dei siste tre dagane av ein sånn konkurranse. Det er ingen av oss som har prøvd noko liknande før, så det blir spennande. Eg trur kroppen skal tåle det, men det spørs om hovudet gjer det, smiler han.