Hopp til innhold

Spania med nok ein EM-smell: – Dei skremmer ingen lenger

Spania fekk kritikk for å ikkje setje sjansane sine mot Sverige. Mot Polen haldt dei fram i same spor.

HELTEN: Robert Lewandowski blei den store helten for Polen då han sørga for poengdeling mot Spania. Her kan du sjå høgdepunkta frå kampen.

For Spania hadde fleire enorme sjansar til å avgjere kampen mot Polen, og dermed sende polakkane ut av europameisterskapen. Men straffebom og fleire patente redningar av Wojciech Szczesny sørga for poengdeling.

– Eg synes Polen imponerar i dag. Dei skulle slite og pirke og rive i Spanias spelestil, sa Lise Klaveness i NRKs studio etter kampen.

Tidlegare Manchester United- og England-stoppar Rio Ferdinand roste også Polen, men var ikkje nådig med det spanske laget.

– Eg trudde Spania skulle møte opp og prøve å dominere banespelet slik dei tidlegare utgåvene av Spania har gjort. Men dette er ikkje det Spania ein gong var, seier Ferdinand.

– Dei tok ikkje risiko, dei gjorde det trygge og det var ingen gneist der. Det vi såg frå spanjolane er nesten ulovleg når du spelar på heimebane.

– Keeperen har flaks

For det blei berre poengdeling for Spania, Alvaro Morata og Robert Lewandowski scora i kvar sin omgang.

Rett før pause fekk Polen også ein enorm dobbeltsjanse på stillinga 0–1 til Spania. Først hamra Karol Swiderski ballen i stonga, før Robert Lewandowski fekk moglegheita frå seks meter. Men Unai Simon var parat og hindra storscoraren.

– Lewandowski då, der scorar han på ni av ti sjansar. Han hadde tida til å setje den akkurat der han ønska, sa NRKs ekspertkommentator Egil «Drillo» Olsen.

– Keeperen har flaks at Lewandowski skyt rett i han, vanlegvis skal det vere mål. Og så er dei heldige at han skyt i stonga, sa Muhamed Keita i NRKs studio i pausen.

Då hadde Spania mindre flaks etter pause.

– Sjølvsagt er det Lewandowski

For i den andre omgangen fekk Lewandowski endeleg utteljing.

Han knuste Aymeric Laporte i ein duell i boksen, og stonga inn 1–1, og haldt med det liv i Polens EM-draum. For med tap i denne kampen ville Polens håp om avansement i meisterskapet vore ute.

– Sjølvsagt er det Robert Lewandowski som bringer det Polske EM-håpet tilbake, sa kommentator Andreas Stabrun Smith.

Men det var ikkje nødvendigvis ein sjølvfølge.

Lewandowski har berre scora to mål i meisterskap tidlegare og Klaveness seier at det ikkje er nokon sjølvfølge at han skal score for Polen, og fortel kva som var nøkkelen til at han kom til fleire sjansar mot spanjolane:

– Dei skulle få Swiderski til å gå litt meir bak for at Lewandowski kunne vere mer aktiv i spelet. Han skulle isoleres med stopparane slik at han kom til sjansar, og det gjorde han.

Spania må tole kritikk

Men kampen kunne likevel enda med polsk skuffelse, for Spania hadde fleire enorme sjansar utover i kampen.

t0lpkwPaLIs

Ein oppgitt Gerard Moreno brente straffen for Spania.

Foto: THANASSIS STAVRAKIS / AFP

Den største kom frå straffemerket, då Gerard Moreno sette straffesparket i stonga. Returen hamna rett i beina på Morata, som ikkje klarte å få avslutninga si mellom stengene.

Jürgen Klinsmann, i likheit med Ferdinand, saknar tida då Spania hadde profilar som ein frykta å møte, og trekk fram spelarar som Carles Puyol, Sergio Ramos og Sergio Busquets.

– Denne utgåva av Spania er full av tekniske talent som veit korleis ein les rom, men dei skremmer ingen, seier han til BBC One.

Mot slutten av kampen hadde Spania fleire enorme moglegheiter til å stikke av med sigeren, men dei klarte ikkje å overliste Szczesny som leverte fleire strålande redningar. Dermed lev framleis det polske EM-håpet, etter 1–1 mot Spania.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal