For sjølv om Viking berre er to poeng unna bronseplassen, er dei på sjetteplass og med berre tre kampar igjen. Strømsgodset er nummer åtte.
– Hadde vi tapt i dag, hadde vi vore langt bak. No kan vi gå inn i innspurten og vere med i kampen. Det er iallfall «skönt», sa Viking-trenar Kjell Jonevret.
For Godset var det den 11. kampen på rad utan siger.
Det hadde berre gått 26 sekund etter avsparket. Godset gjekk rett i angrep, Tommy Høiland vann ein duell og spela fram Eirik Ulland Andersen, som kaldt sette ballen i mål.
– Vi hadde bestemt oss for å gå høgt ut og presse frå start. Så får vi to pasningar bakover, ballen oppover og 1-0 i «rumpan» etter 20 sekund. Det var ikkje akkurat den starten vi hadde prata om, sa Jonevret.
– Okei med eit poeng
Men han er nøgd likevel.
– Vi gjer ein god andreomgang og kunne avgjort. Men vi fekk eit poeng, vi har 40 no, og det er heilt okei, sa Jonevret. – Vi klarte å kome tilbake, og det er noko eg tek med meg.
Først 13 minutt etter pause kom utlikninga. Michael Haukås heada over feltet der Abdi Ibrahim krangla ballen forbi keeper frå kort hald.
Deretter var Viking nærmast sigeren, men makta ikkje å score.
Eit minutt på overtid hadde Mathias Bringaker ein enorm sjanse til å gi Viking sigeren, men lobben gjekk like på utsida.
– Vi er gode før pause og skulle hatt 2-0. Etter pause slurvar vi litt for mykje og får det ikkje heilt til, sa Strømsgodsets fungerande trenar Håkon Wibe-Lund. – Då blir det litt for mykje Hawaii-fotball.