Hopp til innhold

Pickles snuste seg fram til stolen VM-pokal

Det er mange heltar i VM-historia. Collien Pickles er nok ein av dei største, og nesten heilt sikkert den mest spesielle. Utan han hadde VM i 1966 blitt både dyrt og pinleg for England.

Pickles med VM-pokalen 1966

HELTEN: Fire år gamle Pickles veit det truleg ikkje, men her skriv han seg inn i fotballhistoria med sitt funn under busken i London

Foto: Ap

Det er søndag 27. mars 1966: Pickles treng ein luftetur. Pickles er ein fire år gammal collie som bur saman med eigaren David Corbett i Upper Norwood, sør i London.

Når David låser ytterdøra, veit han ikkje at dette skal bli ein kveldstur for historiebøkene. Turen skal heller ikkje bli særleg lang.

David og Pickles går ut på gardsplassen. Etter nokre få steg rykkjer Pickles til. Han vil ha eigaren sin med seg over uteplassen til grannen, forbi hans bil og bort til ein av buskane i den tette hekken som omkransar eigedomen.

Pickles snuser seg heilt inn under busken. David vil finne ut kva Pickles har lukta seg fram til. Det er noko som er pent innpakka i avispapir.

David blir nysgjerrig. Han riv av papiret i eine enden av pakken. «Uruguay. Italia. Vest-Tyskland. Brasil». Det kan han lese på det som viser seg å vere ei plate på undersida av det som er inne i pakken.

David får sjokk. Han forstår kva han og Pickles nettopp har funne: Sjølvaste VM-pokalen. Jules Rimet-trofeet. Den kjenner han att frå oppslag på oppslag i tv og aviser dei siste dagane.

På frimerkeutstilling

VM-trofeet

TROFEET: Slik såg Jules Rimet-trofeet frå 1930 ut

Foto: Anonymous / Ap

Vi går ei svært hektisk veke tilbake i tid.

Det stundar mot VM. Fotballens heimland er i ferd med å ruste seg til den store festen. VM-feberen held på å feste seg. Det er berre tre månader igjen.

Jules Rimet-trofeet er namnet på pokalen, kalla opp etter franskmannen som hadde grunnlagt VM på slutten av 1920-talet. Vandrepokalen av 18 karat gull skal gå til det første laget som vinn VM tre gonger.

I mellomtida har regjerande meister ansvaret for trofeet. På dette tidspunktet er det Brasil. Dei har godteke å låne pokalen ut til ei frimerkeutstilling (!) med sportsmotiv i Westminster i London som eit ledd i oppkøyringa fram mot det store meisterskapet i juli.

Vilkåret er topp vakthald heile tida. Trofeet er forsikra for 30.000 pund – 600.000 kroner etter den tids valutakurs, og mangfaldige millionar etter dagens pengeverdi.

Utstillinga opnar med pomp og prakt laurdag 19. mars, og alt er i sin finaste orden når dørene blir stengde den kvelden.

Det som vidare skjer, kunne vore henta frå manuset til ein spenningsfilm.

Sjokket

Søndag 20. mars: Klokka 12.10, kjem sjokket som får både England og fotballverda heilt ut av fatning. Utstillingsvaktene oppdagar at bommen som skal halde dørene inn til utstillingslokalet i andre etasje stengde, er skrudd laus og ligg på golvet.

Monteren der VM-trofeet stod, er tom.

Frimerka til ein samla verdi på over tre millionar pund er derimot urørte.

Seks vakter skal passe på, og minst tre av dei skal vere i rommet til eikvar tid. Men det er vaktskifte, og lokalet er enno ikkje opna for dagen. I tillegg er ein av vaktmennene på toalettet, ein annan er visst nok ute på kjøkenet for å lage seg ein kopp kaffi.

Tjuvane har truleg kome seg inn via ein heis på baksida av bygningen.

Skandalen er fullkomen.

– Alt var amatørmessig, skriv Martin Alberton i boka «The Theft of the Jules Rimet Trophy». – Ein av vaktmennene var 74 år, og tryggleiken var generelt svært utilstrekkeleg.

Hos politiet får saka sjølvsagt høgaste prioritet. Scotland Yards «Flying Squad» får jobben med å finne tjuven eller tjuvane. Vakta som kom frå toalettet seier han såg ein «rar person i med mørke auge» springe inn i ein telefonkiosk like ved. Det same har ein som kom frå ei kyrkje like ved, sett.

Politiet varslar alle pantelånarar og gullsmedar og ber dei vere på vakt.

Det er så langt politiet kjem det første døgnet.

Måndag 21. mars: Tidleg på føremiddagen får saka ny fart.

Joe Mears er både styreleiar i fotballklubben Chelsea og president i det engelske fotballforbundet (FA). Han får ei anonym telefonoppringing:

– I morgon får du levert ein pakke utanfor Chelseas kontor. Følg instruksane der, seier mannen i telefonen. Han kallar seg «Jackson».

Tysdag 22. mars: Pakken blir levert som avtalt. Han inneheld ei godt attkjennande snor frå lokket til Jules Rimet-trofeet. Snora skal vere beviset på at «Jackson» verkeleg har pokalen. I tillegg følgjer ein lapp med krav om 15.000 pund i fem- og tipundsetlar.

Mears skal svare med ein annonse i ei av ettermiddagsavisene om han vil godta kravet.

Om dei følgjer instruksane, skal dei få pokalen uskadd tilbake på fredagen – tre dagar seinare. I motsett fall vil pokalen bli smelta ned.

Kravet er underteikna «Jackson». – Og hald politiet utanfor, krev han.

Mears trassar kravet og orienterer politiet. Flying Squad med inspektør Charles Buggy i spissen legg ein plan:

– Vi går med på kravet og lokkar «Jackson» i ei felle, seier Buggy.

Bobby Moore og VM-gull

TOK POKALEN: Tre månader etter at Pickles fann trofeet, kunne Bobby Moore løfte det etter VM-finalen på Wembley

Foto: STF / Afp

Onsdag 23. og torsdag 24. mars: Førebuingane er grundige. Politiet legg rundt 500 pund i små setlar på toppen og botnen av ein koffert, og fyller resten med avispapir som er pakka slik at det skal sjå ut som buntar med pengesetlar. To sivilkledde politimenn skal vere Mears' «assistentar» ved overleveringa. Sjølvsagt med mål om å arrestere skurken.

«Jackson» ringjer og avtaler detaljane, men forstår ikkje at det er Buggy sjølv han snakkar med. Buggy kallar seg nemleg «assistent McPhee». Pengane skal overleverast ved porten til Battersea Park.

Fredag 25. mars: Dei forkledde politimennene reiser til Battersea Park saman med ein liten hær av skjulte sivile politibilar med masse politi. Joe Mears er blitt sjuk og kan ikkje vere med.

Ved Battersea-porten får «Jackson» og «McPhee» kontakt med kvarandre. «Jackson» er synleg nervøs, ifølgje politiforklaringane. Han ber «McPhee» gå inn i ein bil og bli med dit trofeet skal vere.

Men hærskaren av politibilar som følgjer, er for ivrig. «Jackson» oppdagar dei og forstår at han er i ferd med å bli lurt i ei felle. Når bilen stansar ved eit trafikklys, hoppar «Jackson» ut og spring vekk til fots.

Han er sjanselaus, sjølvsagt. Politiet tek opp jakta med bilar og til fots. Det er Buggy sjølv som får æra av å hekte mannen, som prøver å gøyme seg i ein hage.

Video: Thomas Aune og Alexander Schau utropar Pickles til ein av Englands største fotballheltar

FK fotball med Thomas Aune og Aleksander Schau hyller hunden
Pickles som i fotball VM i 1966 fant igjen pokalen som ble stjålet.

HELT: Thomas Aune og Alexander Schau hyller Pickles som ein av Englands største fotballheltar

– Berre ein mellommann

«Jackson» viser seg å heite Edward Betchley. Han er ein tidlegare soldat og ein småskurk som er kjend av politiet frå før.

Han nektar for å ha stole VM-trofeet. – Eg er berre mellommann for ein som kallar seg «The Pole», seier Betchley. Han hevdar å ha fått 500 pund for jobben.

Der står politiet fast igjen – med ein mann arrestert, men utan spor av trofeet. Seks dagar etter tjuveriet har dei berre Betchley, utan å kunne bevise at han faktisk er trofé-tjuven.

Betchley blir seinare dømd til to års fengsel for medverknad.

I eit britisk program på Channel 4 i 2006 blir det hevda at Betchley kravde ein lovnad om å kunne få besøk av ei kvinne han kjende i fengselet. – Om eg får det, skal eg fortelje kvar trofeet er, lovar han. Det får han innvilga.

Men før politiet rekk å kome vidare, har Pickles ordna opp.

Møtt med flir og mistanke

David Corbett går rett til den lokale politistasjonen med det avispapir-innpakka trofeet den søndagskvelden.

– Eg trur eg har funne VM-trofeet, seier han og dunkar det i skranken.

– Særleg. Den ser ikkje så veldig VM-aktig ut for meg, flirer politimannen som tek imot trofeet, som berre er litt meir enn ein fot høgt.

Men fliret tørkar kvikt. For det viser seg raskt å vere det ekte Jules Rimet-trofeet. Harold Mayes frå FA blir tilkalla, og han kan straks identifisere det.

– Først då gjekk det opp for meg at eg var mistenkt nummer 1, seier Corbett. Han sit i politiavhøyr i fleire timar før han slepp fri, langt utpå natta. Då er han reinvaska frå all mistanke. Han har vasstett alibi for tjuveri-tidspunktet ei veke tidlegare.

– Då vi kom heim, var historia allereie ute, og det vrimla av fotografar og journalistar utanfor huset, fortel Corbett etterpå.

Frå den stunda blir David Corbett og særleg Pickles verdskjendisar. Begge blir inviterte til banketten etter at England har vunne VM-finalen tre månader seinare, og sjølvaste Bobby Moore løfter Pickles til vers på balkongen der laget tek imot hyllesten frå folket den kvelden.

Konene til spelarane må derimot nøye seg med ei enklare samkome i kjellaren. Dei får verken vere med på banketten eller balkongen.

Stjernestatus

David Corbett og Pickles

NYTT HUS: David Corbett og Pickles fekk så mykje i finnarløn at dei kunne kjøpe seg nytt hus på landet

Foto: Scanpix / AFP

Pickles er i alle tv-nyheiter og avisoverskrifter, og han får invitasjonar verda over. Han blir også filmstjerne i «The Spy With The Cold Nose». Han blir årets hund, og deltek i mange tv-program. Han får til og med sin eigen agent.

Han får servert roastbeef og vatn frå champagneflasker, og lever det ultimate luksusliv.

Den store veldedige organisasjonen National Canine Defence utnemner Pickles til æresmedlem.

David Corbett får 3000 pund i finnarløn frå sponsorar og forsikringsselskap. I 1966 er det nok til at han kan kjøpe seg eit hus på landet.

Mange år etterpå, i 2006, blir det laga eit tv-drama om Pickles og trofé-tjuveriet: «The Dog Who Won The World Cup».

Kva som faktisk skjedde, er enno ukjent, 52 år etterpå. Det som er rekna som det mest nærliggande å tru, er at tjuven har blitt skremd av den omfattande politijakta og derfor berre har kvitta seg med trofeet.

Tragisk slutt

Men det endar likevel ikkje så godt for Pickles. Året etter lèt David si seks år gamle dotter halde lenka under ein luftetur. Pickles oppdagar ein katt og rykkjer lenka ut av handa på seksåringen. Pickles forsvinn ut av syne.

Ei stund etterpå finn dei Pickles. Han har prøvd å følgje etter katten opp i eit tre, lenka har hengt seg fast, og Pickles heng død mellom greinene.

Pickles blir gravlagd i hagen på familiens nye heim i Surrey. Halsbandet hans er i det nasjonale fotballmuseet i Manchester.

Hemmeleg kopi

Dramaet frå tjuveriet og til Pickles hadde funne Jules Rimet-trofeet skapte store overskrifter over heile verda.

Men ein ting er ikkje kjend for verdspressa. Straks FA blei kjende med tjuveriet kontakta dei ein av dei beste gullsmedane i landet, George Bird, og bestilt ein nøyaktig kopi. På rekordtid var kopien klar.

Berre nokre få personar veit om det, mellom anna Stanley Rous. Han var FIFA-president og engelskmann. Bird får streng beskjed om å ikkje seie noko.

Etter at Pickles har redda situasjonen både for FA og politiet, blir det ikkje behov for kopien. Men han kjem til nytte likevel. Klok av skade brukar FA kopien under utstillingar etter at England har vunne VM og har ansvaret for pokalen i fire år.

– Kunne aldri skjedd i Brasil

Brasil var ikkje nådige mot dei engelske arrangørane etter tjuveriet. – Noko slikt kunne aldri skjedd her. Vi tek vare på trofea våre, vi, sa dei i Brasil.

I 1970 vann Brasil VM for tredje gong, og tok pokalen til odel og eige. Pokalen stod permanent utstilt bak skotsikkert glas hos det brasilianske forbundet i Rio.

Men 19. desember 1983 blei pokalen stolen likevel. Fire menn blei arresterte og dømde for ugjerninga, men pokalen kom aldri til rette. Dei fleste teoriane går ut på at pokalen er smelta og seld som gull.

Og kopien frå 1966?

FIFA bestemte i 1970 å bannlyse all bruk av kopien, som i mange år låg gøymt i ei kasse under senga til gullsmed George Bird.

Men i 1997 blei kopien seld for 254.500 pund – til FIFA.

No står også den på fotballmuseet i Manchester. Saman med Pickles' halsband.

PS: Ifølgje The Mirror skal ein mann ved namn Sidney Cugullere har fortalt til sine aller nærmaste at det var han som gjennomførte tjuveriet, «berre for å sjå om det var mogeleg». Cugullere døydde i 2005.

Siste nytt

  • Thomsen klarte EM-kravet

    Marcus Thomsen leverte sitt beste kulestøt på over tre år lørdag.

    I stevnet Stora Turebergskastet i svenske Sollentuna, noterte han seg for et støt på 21,05 meter.

    Det skriver friidrettsbloggen Friidrett1 på X.

    Støtet er over EM-kravet på 20,85 og bare fire centimeter bak Thomsens personlige rekord på 21,09, satt innendørs.

    21,05 er Thomsens lengste kulestøt utendørs og det er kun fjerde konkurranse i karrieren at han har støtet over 21 meter, etter at han gjorde det to ganger i 2020 og én gang i 2021.

    Ifølge Friidrett1 er det også det beste kulestøtet av en norsk utøver utendørs på 38 år.

    Thomsen har fremdeles noen centimeter opp til OL-kravet på 21,50, men kulestøteren ligger foreløpig an til å kvalfisere seg til OL gjennom ranking.

    Marcus Thomsen
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Reiten mister enda en lagvenninne i Chelsea: – En utrolig reise

    Guro Reitens Chelsea mister også storscorer Fran Kirby, som har besluttet å gi seg i klubben etter ni år.

    Den annonserte Chelsea i et videointervju med en gråtkvalt Kirby.

    – Det har vært en utrolig reise med alle dere. Takk for at dere har tatt dere av meg siden dag én, gjennom både tunge og fantastiske tider. Jeg kommer aldri til å glemme hvordan det føles å spille foran dere, sier hun i videoen.

    Kirby er tidenes toppscorer for Chelseas kvinnelag med 115 mål på 205 kamper. På sin tid i klubben har hun vunnet 15 trofeer.

    Fredag ble det også klart at Maren Mjelde er ferdig i Chelsea etter sesongen. Det er ikke kjent hva som blir neste stoppested for verken Mjelde eller Kirby. (NTB)

    Guro Reiten
    Foto: Reuters
  • Forsvareren om Gjert Ingebrigtsens trenerrolle: Skal holde seg i bakgrunnen

    I påvente av rettssaken akter Gjert Ingebrigtsen å fortsette som trener for utøverne han nå bistår, blant dem Narve Gilje Nordås.

    Friidrettstreneren er anklaget for mishandling i nære relasjoner. Tiltalen omfatter forhold knyttet til ett av friidrettsprofilens barn. Han erkjenner ikke straffskyld.

    Heidi Reisvang hos Elden Advokatfirma, som forsvarer Ingebrigtsen, sier friidrettstreneren i tiden som kommer vil fortsette trenergjerningen.

    – Så lenge utøverne presterer og opplever at samarbeidet i sum er mer positivt enn negativt, og de ønsker ham som trener, vil han fortsette å trene dem, sier Reisvang til NTB.

    Hun legger til at Ingebrigtsen vil forholde seg på en måte som er til det beste for utøverne i forbindelse med konkurranser og stevner og «i større grad være i bakgrunnen».

    – Han håper at så lenge han holder seg i bakgrunnen, vil mediene respektere det og ikke oppsøke han eller forfølge hans familie, legger hun til.

    Reisvang vil på spørsmål fra NTB ikke utdype ytterligere hva som ligger i at trenerprofilen skal holde seg mer i bakgrunnen, men sier:

    – Under stevnet i Spania (denne uken red.anm.) søkte han ingen oppmerksomhet, men holdt seg unna. Han ønsker at mediene nå skal la han og hans familie være i fred, respektere dette og ikke oppsøke på den måten som det er gjort hittil.

    På direkte spørsmål om Ingebrigtsen har vurdert å trekke seg som trener, svarer advokaten:

    – Ikke med mindre utgangpunktetene jeg har vært inne på endrer seg.

    Det er allerede kjent at Ingebrigtsen ikke vil få trenerakkreditering til sommerens to store mesterskap, EM og OL. (NTB)

    Gjert Ingebrigtsen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal