Hopp til innhold

Norsk 13-åring med O2-bragd – tek av på Instagram

Per August Halle Haugen (13) er eit kondisjonstalent av dei heilt sjeldne. Elleville tider av 13-åringen og O2-opptak vekkjer oppsikt langt utanfor Noregs grenser.

Per August Halle Haugen

I FULL FART: Det går unna når Per August Halle Haugen snører på seg joggeskoa. 13-åringen knuser løparar langt eldre enn han sjølv.

Foto: The Halle Brothers/Samuel Hafsahl

– Eg er veldig fornøgd med det.

Det seier ein lågmælt Per August Halle Haugen til NRK om talet som dukka opp på skjermen då han tidlegare i år testa maksimalt oksygenopptak – VO2 maks, populært kalla O2-opptak, – for første gong.

– Det må eg seie, den O2-testen er noko han har masa om i tre år, fortel mamma Gunhild Halle Haugen, som sjølv er tidlegare friidrettsutøvar.

I ein video publisert på YouTube viste tenåringen stolt fram resultatet på heile 81,1.

VO2 maks blir rekna ut ved å ta maksimalt oksygenopptak delt på kroppsvekt.

– Eg var vel mest fornøgd med O2-opptaket. Eller terskelen var eg eigentleg også veldig fornøgd med. Det som er litt morosamt er at eg kan samanlikne terskeltestar med mamma frå då ho var god, og sjå litt på verdiar der, seier han.

Video: The Halle Brothers/Youtube

Professor imponert av talet

– Over 80 som 13-åring er spesielt høgt.

Det fortel NIH-professor Jostein Hallén til NRK. Han jobbar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne, og seier at det er sjeldan ein ser så høge tal blant barn på Per August sin alder.

– Eg liker ikkje å bruke ordet unikt, men det er i øvste 5-prosenten av det vi har målt på barn.

Bilde av professor Jostein Hallén ved Norges Idrettshøgskole.

PROFESSOR: Jostein Hallén.

Foto: Anders Leines

Professoren seier det er «overraskande liten forskjell» på kondisjonstalet, O2-opptaket, før og etter gjennomgått pubertet.

– Gjennom puberteten veks barn mykje. I denne perioden aukar oksygenopptaket omtrent like mykje som kroppsvekta aukar. Det betyr at oksygenopptaket per kilo kroppsvekt er det same. Dette kallar vi gjerne kondisjonstalet, seier han.

Seinare kan meir trening bidra til at talet blir endå høgare, men det er ikkje gitt.

– Etter puberteten veit vi at oksygenopptaket kan påverkast av trening. For nokon påverkar det mykje. For andre påverkar det lite.

– Det er all grunn til å tru at han vil halde oppe dette omtrente nivået til han har gått gjennom puberteten. Så vil det vise seg då om han vil vere i stand til å auke det ved trening. Det kan både skje og ikkje skje, fortel Hallén.

Det var lenge langrennslegenda Bjørn Dæhlie som hadde rekorden på utrulege 96 i 02-opptak. I august fortalde han i NRK-podkasten I det lange løpet at han hadde eit 02-opptak på 69 då han vart ein del av juniorlandslaget i langrenn. På dette tidspunktet var han altså eldre enn Halle Haugen.

Mamma trenar sonen sjølv og følgjer han tett. Ho veit godt både kor mykje trening 13-åringen legg ned og kva gen han har, men er klar over at Per August framleis er ung.

– For det første er han veldig liten, så det kan vere litt enklare å få høg O2 når du er liten med tanke på kroppsmasse. Men det seier at han har eit veldig godt utgangspunkt for å drive med det her. Det har han. Det er vel meir ei stadfesting av det ein ser, seier Gunhild Halle Haugen.

Les også Dæhlie opnar opp om O2-rekorden som forbløffa idrettsverda

Bjørn Dæhlie

Går viralt på Instagram

Halle Haugen har i ein alder av 13 år allereie vorte kjende godt utanfor Noregs landegrenser.

Instagram har han passert 40.000 følgjarar. Det er over fire gonger så mange som bronsevinnar frå VM, Narve Gilje Nordås.

Fleire store internasjonale friidrettskontoar på det sosiale mediet har publisert innlegg om Haugens prestasjonar.

– Det er veldig gøy, det. Samtidig bruker eg ikkje veldig mykje tid på det. Eg har ikkje så mange innlegg samanlikna med andre med like mange følgjarar. Andre kontoar med mange følgjarar legg ut innlegg om meg og taggar meg.

Per August Instagram

Kontoen blir driven av Per August sjølv og broren Simen, der dei legg ut bilete og videoar frå trening og konkurranse. Fleire av innlegga har godt over 10.000 likarklikk.

– Merkar du mykje til merksemda?

– Eg merkar det litt, men det påverkar meg ikkje i veldig stor grad, seier han sjølv.

– Akkurat Per August bruker ikkje veldig mykje energi på det, han berre registrerer det. Det er vel eigentleg meir vi som har sett det. Det som er litt artig er at han har fått kontakt med løparar frå Storbritannia på hans eigen alder som er interessert i det han gjer. Det er gøy, seier mora.

Per August Halle Haugen

TALENTFULL: Per August har mellom 8–10 uthaldenhetsøkter i veka.

Foto: Samuel Hafsal

– Har sagt at han ikkje skal lese kommentarfeltet

Ho fortel at dei prøver å skjerme sonen frå ein del av merksemda rundt han.

– Det som er litt uheldig med sosiale medium er at ein kan få ein del kommentarar. Vi har eigentleg sagt at han ikkje skal lese kommentarfeltet, seier ho, og held fram:

– Det viktigaste for han er å ha det veldig gøy med idretten sin og har den leikne tilnærminga som han har hatt alltid. Ein ting som eg er oppteken av er at han ikkje skal kjenne eit forventningspress, seier ho.

Mora er klar på at ho først og fremst er oppteken av at sonen skal ha det bra med seg sjølv, venner, skule og idrett.

– Ikkje nødvendigvis at han skal bli supergod. Det er noko han må bestemme sjølv, seier ho.

NRK fekk bli med ungguten heim i 2022. Sjå reportasjen her:

fdfd

«Sjå han vesle der»

13-åringen har lenge levert imponerande resultat. Mellom anna då han sprang eit fem kilometer langt gateløp i Lier på 15 minutt og 52 sekund i sommar og ti kilometer under Hytteplanmila i fjor som 12-åring på 33 minutt og 18 sekund.

Haugen forbetra den personlege rekorden på ti kilometer til 32 minutt og 59 sekund under Oslo Maraton tidlegare i september.

– Det har vore veldig gøy. Eg håpar på ein naturleg progresjon frå tidlegare år og frå i fjor, men eg er veldig fornøgd med det altså.

– Korleis ser eldre løparar på deg når du kjem susande forbi?

– Eg trur det er ein del som veit kven eg er. Dei heiar på meg og blir litt overraska, «sjå han vesle der», liksom, smiler Per August.

Per August Halle Haugen
Foto: PRIVAT

Draumar om OL

13-åringen kan trygt seiast å vere ein del av eit løpeglad familie. Bestefar Per Halle deltok i OL i 1972, der han vart nummer sju på 5000 meter. Mor Gunhild tok tolv NM-gull på 1500, 5000, 10.000 meter og terrengløp frå 1994 til 2002 og deltok i fire VM og eitt OL.

Og så har du søskena Halle Haugen. Tvillingsøstrene Ina og Maren (19) og storebror Simen (24) har alle representert Noreg i aldersbestemte meisterskapar internasjonalt.

Gunhild og Per Halle Haugen

SPREK FAMILIE: Mamma Gunhild Halle Haugen og bestefar Per Halle.

Foto: NTB

Medan Maren no er ein del av talentlaget til langrennssatsinga Team Aker Dæhlie, er det friidrett som står i hovudfokus for resten av søskena. Simen har i 2023 også jamleg vore å sjå på trening saman med Ingebrigtsen-brørne.

– Eg trur det er ein stor fordel, seier Per August om korleis det er å komme frå ein løpefrelst familie.

Les også Cameron (16) knuser Ingebrigtsen-rekordar - hemmelege notat vart sigersoppskrift

Myers Ingebrigtsen

– Det har vore veldig inspirerande. Det har vore langt opp til nivået til Simen, bror min. Men søstrene mine har eg nærma meg litt og litt på tider, og no er eg vel i ein slags kryssingsfase. Maren slår eg i alle fall, men Ina og eg er vel ganske jamne framleis, følgjer han opp om den interne familiekonkurransen.

Men måla er høgare enn berre å bli best i familien. 13-åringen aktar å halde fram med strukturert, målretta trening, kanskje for å ein gong kunne hengje edelt metall frå dei største meisterskapane rundt halsen.

– Det er vanskeleg å seie, men eg har lyst til å komme til eit OL i løpet av karrieren. Og kjempe om medaljar i eit EM, kanskje.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal