Hopp til innhold

Dæhlie opnar opp om O2-rekorden som forbløffa idrettsverda

Talet 96 har følgt Bjørn Dæhlie i alle år. No har langrennslegenda gitt eit sjeldan intervju om kondisjonsmålinga som sprengde alle rekordar.

Bjørn Dæhlie

DEN BESTE KONDISJONEN i VERDA: I fleire år hadde Bjørn Dæhlie den høgaste O2-målinga. Talet 96 gjekk for å vere verdsrekord – uansett idrett.

Foto: NTB

– 96 i O2-opptak er superheftig. Det er ekstremt sjeldan ein måler over 90 ml/kg/min. Dette gjeld sjølv dei beste utøvarane i kva idrett som helst – kvar som helst i verda.

Det fortel NIH-professor Jostein Hallén til NRK. Han jobbar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne – eit miljø der Bjørn Dæhlie-målinga har vore ein snakkis i ei årrekkje.

Bilde av professor Jostein Hallén ved Norges Idrettshøgskole.

PROFESSOR: Jostein Hallén.

Foto: Anders Leines

Denne veka opnar hovudpersonen sjølv opp om den mytiske kondisjonstesten frå stordomstida i NRK-podkasten I det lange løp med Jann Post.

På denne tida var det allereie kjent at Dæhlie hadde eit oksygenopptak utan sidestykke, men akkurat denne dagen på Olympiatoppen skulle han gjera noko som fekk ekspertane til å gni seg i auga.

Vart ikkje målt på sitt beste

Under økta blinka nemleg talet 96 ml/kg/min på skjermen til testansvarleg Erlend Hem, som ifølgje DN har fleire enn 35.000 testar på CV-en.

Talet gjekk i fleire år for å vera verdsrekord uansett idrett.

Det var nok to ting med den målinga som var bra: Eg sprang veldig fort og veldig lenge. Det var mange målingar over 90 den gongen. Vi målte kvart 20. sekund, trur eg, fortel Dæhlie, som i dag er forretningsmann og mangemillionær.

Den tidlegare langrennsstjerna, som har vanvitige 29 medaljar i OL og VM, fortel at dei vart hyppig O2-testa i forkant av sesongen.

Ein slik test blir brukt i toppidrettsmiljø for å måle korleis dei ligg an med kondisjonen. Kort fortalt kor mykje oksygen ein tek opp per minutt.

– Vi gjorde det gjennom heile hausten og inn mot sesongen. Men vi gjorde det aldri i sesong då eg var på mitt beste, seier Dæhlie og legg til:

Du førebudde deg til han som om det var ein meisterskap. Det var lik førebuing kvar gong.

Bjørn Dæhlie

IKONISK SIGER: Her er Bjørn Dæhlie avbilda etter at han gjekk inn til gull på femmila i Nagano-OL – ein langrennsaugneblink som står høgt i norsk historie.

Foto: Jon Eeg / NTB

Norsk syklist knuste rekorden

I ettertid har norske Oskar Svendsen slått rekorden til Dæhlie. Den tidlegare toppsyklisten vart målt til utrulege 97,5 ml/kg/min i 2012.

Jostein Hallén fortel at kondisjonsutøvarar, som langrennsløparar og syklistar, er heilt avhengige av å ha eit høgt O2-opptak.

Du har ikkje sjanse til å bli ein god distanselangrennsløpar viss du ikkje har 75 eller høgare. Det er ekstremt viktig. Det er sjølvsagt også andre faktorar som er viktige, så det er ikkje alltid den med høgast oksygenopptak som er best.

Hallén påpeikar rett nok at det er ei uvisse knytt til målingar av kondisjon. Ifølgje NIH-professoren er det ei usikkerheit på rundt seks milliliter på målingar på 90.

Eg seier ikkje at det var seks milliliter feil, men alle fysiologar som meg blir litt skeptiske til målingane når ein kjem over 90, seier Hallén.

Les også Kampen mot den biologiske klokken

Anders Aukland

– Testosteronnivå som ei dame

I NRK-podkasten fortel Dæhlie at det låg mykje arbeid bak resultata han hadde gjennom heile 90-talet. Han låg på 100 treningstimar i månaden frå april til november, då langrennssesongen starta.

langrenn, langløp og paraskilag

FRAMLEIS I SPORTEN: Bjørn Dæhlie har sitt eige langløpslag, Team Aker Dæhlie. Her er han avbilda under presentasjonen av laget i 2022.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Men av og til kunne det bli for mykje av det gode:

Vi trena så mykje at vi ofte hadde dårlege dagar. Nokre gonger måtte eg berre gå frå det heile. Eg trena meg i senk, og eg hadde nesten testosteronnivå som ei dame. Då fekk eg «timeout» (av trenarane).

Sjølv om talet på treningstimar har gått betrakteleg ned etter at han la opp, tek Dæhlie seg ofte ein lang løpetur i løpet av arbeidsdagen.

Det hender til og med at han blir testa. Og målingane vekkjer framleis oppsikt.

– Eg blæs framleis mange liter når eg tek blåsetestar. Då kjem dei (helsearbeidarane) pilande for å sjå på grafane. Då står dei der og peikar – og seier at det er bra, smiler Dæhlie.

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal