Dei tre løparbrørne Ingebrigtsen har alltid trena saman. Leidd an av Henrik har «Team Ingebrigtsen» nesten alltid følgt same oppskrift, og det med enorm suksess.
Den siste tida har fleire nye ansikt tidvis fått sleppe inn i brørnes eksklusive treningsgruppe.
Både på treningsleir i Spania og her heime i Noreg har løparar som Magnus Tuv Myhre, Ferdinand Kvan Edman, Jacob Boutera, Simen Halle og Moa Abounnachat Bollerød dukka opp i fullt firsprang med medaljegrossistane frå Sandnes.
LØPARBRØR: Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen.
Foto: NTBFor Henrik Ingebrigtsen er det viktig å finne typar som passar godt inn i den allereie etablerte dynamikken i gruppa.
– Vi er jo relativt selektive, så vi kan ikkje seie ja til alle. Så stiller vi veldig krav til at vi skal vere kompatible utanfor trening òg, forklarer han.
– Det er klart, dei gutane har mykje erfaring. Dei deler mykje og vi får eit veldig fint opplegg saman, seier Kvan Edman om samarbeidet.
Klar beskjed frå Henrik
Blant dei andre som har fått innpass er Tuv Myhre (23). Eit talent eldstebror Ingebrigtsen prøver å leie på rett veg.
– Han er ein ung og lovande løpar som treng eit lite spark i ræva for å komme seg opp på det nivået han ønskjer og har ambisjon om å vere på. Då ser vi noko i han som potensielt kan bli ganske bra, seier Henrik.
REKORD: Jakob Ingebrigtsen er den beste løparen i gruppa.
Foto: NTB32-åringen er ikkje redd for å seie frå til nykommarane om det er noko som ikkje blir gjort på rett måte. Han vil byggje ein vinnar- og prestasjonskultur der ein ikkje skal vere fornøgd før ein har gjort alt ein kunne.
– Viss du driv med sjølvbedrag og lèt som du er fornøgd med eit resultat, sjølv om du eigentleg har underprestert, då set vi fingeren på det.
– Då er det skjerpings?
– Då er det skjerpings. Eg har sagt det til mange, med litt varierande tilbakemelding, at eg trur at du underpresterer. Nokon liker ikkje det, medan andre liker det og tenkjer «OK, her er det noko å hente». Medan andre tek det som ei fornærming og går litt i forsvarsmodus, fortel eldstebroren.
– Henrik fekk kjeft
Tuv Myhre er blant dei som har fått klar tilbakemelding frå Henrik Ingebrigtsen, utan at han tek seg nær av det.
TALENTFULL: Magnus Tuv Myhre.
Foto: NTB– Eg har ikkje noko problem med å få harde meldingar, og må melde litt tilbake innimellom. Det er ikkje sånn at ein legg seg med halen mellom beina berre fordi dei seier du må gjere noko annleis, fortel 23-åringen som løp 13.09 på 5000 meter på Bislett – to sekund bak VM-kravet.
Sjølv om han og dei andre med inngangspass til teamet prøver å suge til seg all erfaring dei kan få frå brørne, går kunnskapsutvekslinga begge vegar.
– Henrik fekk litt kjeft av Jakob ein gong for han kjende han vart for ivrig. Alle får høyre det om ein gjer noko feil, det er sånn begge vegar, forklarer Tuv Myhre.
Henrik seier seg samd. Sjølv han, fylt til randa av erfaring og opplevingar, kan lære noko av unggutane.
MED: Ferdinand Kvan Edman trenar ofte med Filip Ingebrigtsen i Oslo.
Foto: NTB– Dei er veldig disiplinerte og tidvis ein del meir fornuftige enn det eg er. Eg har alltid vore ein som liker å tøye grensa og strekkje strikken. Nokre gonger så ser eg at dei utøver disiplin og sjølvkontroll på trening litt betre enn det eg gjer, seier han.
– Det er kjempepositivt for alle at vi får delt den kunnskapen. Tidlegare har det vore litt meir lukka. Dei er glade i å vere saman, men det er fint å ha nokre andre der. Det trur eg alle har nytte av, seier Kvan Edman.