– Alt var svart. Eg var heilt blind, og ansiktet mitt var heilt brent, skriv Omar Elabdellaoui på twitter i kveld.
Det er første gong han sjølv fortel om fyrverkeri-uhellet i nyttårshelga, eit uhell som sette han heilt ut av spel. Han fortel om dramaet, der han blei stygt kvesta av fyrverkeri ved siste årsskifte.
– Det er på tide alle får vite kva eg har gått gjenom desse elleve månadene. Dette har utan tvil vore den vanskelegaste perioden iivet mitt, skriv han.
Galatasaray-spelaren fortel at han har vore heilt blind på det høgre auge inntil nokså nyleg.
Han måtte få stamceller frå systera si for å reparere augeloket, ein operasjin som var vanskeleg og farleg.
– Eg trong hjelp frå stamceller, og det viste seg at det var 100 prosent treff med mi syster. Dei plasserte stamceller frå hennar auge inn i mine, og då gjekk det. Det er truleg den viktigaste årsaka til at eg kan sjå på det høgre auget igjen, skriver Elabdellaoui.
Reknar med å vere tilbake i januar
– Men no går det rette vegen. Eg har fått grønt lys frå legane, og reknar med å vere tilbake i januar. Mitt einaste fokus no er å kome i form igjen så eg kan stille opp for klubb og landslag, skriv Elabdellaoui.
Han var fast på landslaget før ulykka.
Han sender også stor takk til Galatasaray-fansen.
– De har motivert meg og støtta meg og hjelpt meg mykje med alle meldingane og støtta, skriv han.
Lykkeønska strøymer på etter Elabdellaouis melding.
– Det er fantastisk å høyre at han kan halde fram karrieren. Dette er gode nyheiter for alle som gledde seg til å sjå han tilbake, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.