– Herregud. Det er så j*** kult, sprudla Solberg i intervjuet med SVT straks etter målgang. 15-åringen var så hoppande glad at han ikkje visste kva bein han skulle stå på.
På ei vanskeleg og våt bane i svenske Arvika køyrde han frå alle sine konkurrentar og var langt føre alle andre i mål i Supercar-løpet.
– Det er så vanskeleg, men ingen matchar Oliver. Dette er heilt fantastisk, ropa den svenske kommentatoren då Oliver i einsam majestet køyrde mot mål.
– Det er kjempemorosamt. Eg hadde ei god kjensle, men trudde ikkje på at det skulle gå, men det gjekk utan problem, sa han til NRK.
– Rg køyrer berre det eg kan, eg, så går det vegen. Og eg har trent mykje i det siste. det er måten å gjere det på, å køyre, køyre, køyre, jublar Oliver på telefonen frå Arvika.
Var redd for blautt føre
Oliver hadde teke teten frå start og heldt greit unna i alle dei fem rundane.
– Eg køyrde reint og fint, ingen feil. Eller, eg gjorde feil i finalen. Spelar ingen rolle, eg er så nøgd, så.
Han takla forholda best av alle.
– Eg var så redd det skule bli blautt. Eg har aldr før køyrt på regn og greier. Men herregud så det funka, jubla 15-årige Oliver, Petter Solbergs son.
Bilen har Petter tidlegare køyrt i VM.
– Dette er heilt usannsynleg. Slikt skal eigentleg ikkje kunne hende. Denne bana har vore svært vanskeleg i regnet i dag, men han taklar det ekstremt bra. Eg saknar ord, seier eksperten i SVT, Jonas Kruse.
Pappas gledestårer strøymde
Ved målområdet stor pappa Petter og tok imot. Han makta ikkje å halde gledestårene tilbake.
– Eg forstår heilt enkelt ikkje at det er mogeleg. Han vann eit rally i Latvia, og så tar han dette utan å ha køyrt på vått føre før. Eg veit ikkje kva eg skal seie eg, for å vere heilt ærleg, seier pappa Petter til NRK, framleis litt tjukk i stemma.
Det var sterke farskjensler som måtte ut då sigeren var eit faktum.
– Eg har grått så eg er heilt ferdig, seier han.
– Kvar var du under løpet?
– Litt overalt. Eg veit ikkje. Det er nesten svart, seier Petter Solberg.
Og legg til:
– Eg trur han køyrer betre enn eg med denne bilen.
Neste oppgåve blir nytt rallycrossløp, på Solvalla.
– Det er ny bane, så det er spennande. Eg har ingen høge forventningar.
Sjå det elleville og sprudlande intervjuet med Oliver.
GLEDESSTRÅLANDE: Oliver Solberg bobla heilt over i intervuet etter sigeren (Video med løyve frå SVT)