Hopp til innhold

– Såg beinet gjekk ut av stilling og skreik

Når snowboardlandslaget reiser til USA for å spisse formen framfor ein av dei mest spennande sesongen på lang tid, må tidlegare VM-vinnar Helene Olafsen bli igjen i Norge og innsjå at skademarerittet er langt frå over.

Olafsen

Helene Olafsen viser Silje Norendal kva ho skal gjere medan landslagsvenninna er på sesongoppkøyring i USA: Trene seg opp igjen etter skaden i juni.

Helene Olafsen

Ulukkesfuglen Helene Olafsen etter å ha tryna frå OL-medalje i 2010. No vrakar ho boardercross og satsar stort mot slopestyle.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix
Torstein Horgmo

Olafsen har planar om å kopiere X-games-vinnar Torstein Horgmo.

Foto: JED JACOBSOHN, Jed Jacobsohn/Getty Images/AFP / AFP

I juni opplevde Helene Olafsen sitt verste mareritt då ho rauk korsbåndet på trening med snowboard-landslaget.

– Eg høyrte at det knakk, og såg at beinet gjekk ut av stilling. Eg låg på golvet og skreik og skreik, og skreik. Då tenkte eg: «No sluttar eg». Då var eg dritlei. Det var mitt verste mareritt å ryke korsbåndet, seier Olafsen.

Dermed gjekk alle forventningar i grus for andre gang på under eit år. I januar brekte ho foten og var ute av stand til å forsvare VM-gullet i boardercross. I juni måtte ho sjå at 2011-sesongen med VM på heimebane og X-games gjekk fløyten.

Og medan snowboardlandslaget i desse dagar reiser til USA for å spisse formen fram mot ein stor vinter med potensielt mange triumfar, må Olafsen terpe på alternative øvingar i Norge.

– Eg prøver å følge litt med på kva dei andre gjør, men ikkje mykje. Eg orkar rett og slett ikkje å sjå på all moroa dei får oppleve, seier Olafsen.

– Ikkje alle hadde klart å komme gjennom skademarerittet

På toppidrettssenteret er heile laget samla under fellestrening. Litt vekke frå dei andre held Olafsen på for seg sjølv. Vegen tilbake til brettkøyringa er tung og lang.

– Eg hadde nok tenkt det samme som Helene, seier landslagstrenar Per Iver Grimsrud.

– Å vere i Norge medan vi dreg til USA er tøft og hardt. Det er ikkje alle som hadde greid å komme seg gjennom eit slikt skademareritt, legg han til.

Men no har Olafsen lagt frå seg tankane om å legge opp.

– Det var ganske jævlig i starten. Eg hadde det ikkje veldig bra. Men det er jo ein prosess. Plutseleg er ein gira igjen. Det er dette eg vil halde på med. Eg er ikkje ferdig, seier den målretta VM-vinnaren.

På den lange vegen tilbake lar ho seg inspirere av ein av snowboardsportens største stjerner, Torstein Horgmo.

– Han brekte ryggen i sommar og kom sterkare tilbake. Eg tenkte eg skulle kopiere han, seier ho med eit smil.

Olafsen

Silje Norendal blei igjen etter fellesøkta på Olympiatoppen for å prøve ut Helene Olafsens monotone øvingar.

Vil gå frå verdstoppen til midt på treet

Det tunge arbeidet vil ikkje vere over, sjølv om skadeperioden truleg går over utpå nyåret.

For ei av dei beste boardercross-kvinnene i verda skal forlate snowboardsportens alpint-grein til fordel for slopestyle, der konkurransen bare blir tøffare og tøffare.

Den totalomvendinga gjør ho med høge mål i tankane.

– Eg skal ikkje lyge. Det blir tøft, og det er ikkje gjort over natta å bytte grein. Ein er vand med å vere best i boardercross, så går ein til å vere heilt midt på treet i slopestyle. Det har eg ikkje lyst til å vere særleg lenge.

– I slopestyle-toppen om kort tid

På landslaget reknar dei med å sjå Olafsen bryte seg hurtig inn i toppen.

– Det er veldig viktig for kvinne-snowboard at ho er med vidare. For hennar del er ikkje vegen til toppen veldig lang. Ho veit å ta dei riktige vala, og er ei dame som kan gjøre det stort i slopestyle-sirkuset, seier Grimsrud.

Men før det må ulukkesfuglen halde fram med å bite i det sure eplet, og satse på at skademarerittet snart er slutt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal