Det skriv svenske Expressen laurdag ettermiddag.
Avisa skriv at det har vore krisemøte i OL-byen gjennom laurdagen fordi svært mange NHL-stjerner kan bli svært forseinka.
Dårleg vêr, med ekle snøstormar, gjer fleire ishockeystjerner enn så lenge sit vêrfaste.
– Vêrmeldingane med snøstormar har vore problematiske. Det finst ingen plan som vi veit om i dag dersom dei skulle bli forseinka i fleire dagar, seier Tommy Boustedt i det svenske ishockeyforbundet.
Verre for naboane
For Noreg sin del er Mats Zuccarello Aasen einaste mann i NHL. Mellom andre Sverige og Finland har betydeleg fleire stjernespelarar i USA.
Laurdag formiddag hadde alle land som deltek i ishockey i OL, samt arrangør og NHL, eit møte i Sotsji. Der fortalde NHL sine representantar om vêrproblema.
Det skal, ifølgje rapportane, sjå betre ut laurdag enn fredag, men det hastar litt ettersom dei første kampane er onsdag 12. februar.
Då opnar Sverige mot Tsjekkia og Latvia mot Sveits. Noreg, i gruppe B, spelar først torsdag mot Canada.
Håper alt går i orden
For Noreg sin del bør dei canadiske spelarane helst ha kome seg til Sotsji for at kampen skal gå. Dersom vêret ikkje lettar kan det i verste fall bli utsette kampar i OL.
– Blir det lange forseinkingar kan alt bli forskyve. Skulle det bli innstilte flyavgangar der borte, så blir det heilt klart eit problem, seier Boustedt til Expressen.
Det internasjonale hockeyforbundet må då kanskje utsette eller flytte kampar. Det kan bli svært utfordrande, men både nasjonane, NHL, arrangør og hockeyforbundet håper ting vil gå i orden.