OL-handballen kan bli flytta til Paris
Arrangøren av sommar-OL i Paris om to år vurderer endringar som gjer at dei norske handballaga kan få spele i hovudstaden framfor i Lille, som planlagt.
Bakgrunnen er klagar frå franske NBA-stjerner på at taket i den planlagde basketballarenaen i Paris er for lågt. Dermed er det ei moglegheit at basketball, ein av OLs aller største sportar, blir flytta til Lille, og at handballen blir flytta motsett veg, skriv nyheitsbyrået AP.
Det vil i så fall vere ei gåve for norske OL-turistar som ønskjer å få med seg ei blanding av handball og andre idrettar. Den moglege handballhallen i Parc de Expositions ligg om lag 30 minutts togtur frå Paris sentrum.
Det skal nemnast at ingen av dei norske laga er kvalifiserte per no. 12 lag skal med i både herre- og kvinneturneringa.
Lille ligg vel tre timars køyring nord for Paris, og Det internasjonale basketballforbundet (Fiba) er ikkje spesielt fornøgd med den moglege flyttinga.