På Instagram har Martin Ødegaard publisert dette innlegget:
Ødegaards innlegg kjem etter Hegerbergs intervju med Josimar og Morgenbladet, der ho på ny kritiserte Norges Fotballforbund like i forkant av VM i Frankrike.
Herrelandslagets stjerne er mildt sagt lite imponert over tidspunktet for Hegerbergs kritikk, som kjem få dagar før Norges opningskamp mot Nigeria.
«At du nå velger å gjøre et slikt intervju er totalt uforståelig. Timingen er skrekkelig,» står det i Ødegaards innlegg.
Hegerbergs manager: – Ingen kommentar
Hegerbergs manager, Halvor Marstrander, har fått med seg innlegget.
– Eg har ingen kommentar til det, seier Marstrander.
Landslagets pressesjef Svein Graff bekreftar overfor NRK at det er Ødegaard som har publisert teksten på Instagram.
– Utover det har eg ingen kommentar, skriv Graff i ein SMS.
Hegerberg: – Hadde mareritt
I intervjuet med fotballmagasinet Josimar opna Hegerberg seg om korfor ho forlot landslaget.
– Det var tøft på så mange samlingar. Eg var vore knekt psykisk. Det har vore ei dønn depressiv kjensle. Eg hadde mareritt etter å ha vore med landslaget. Sånne ting skal ein ikkje ha. Viss du vil komme deg nokon stad i livet, må du ta nokre val. Med ein gang tanken kom inn i hovudet mitt: Eg trur eg må slutte på landslaget.... Då bare rant alt av. Puuuuuh. Eg begynte å sove godt igjen, seier Hegerberg.
Lyon-spissen seier til Josimar at spelarane ikkje blei tatt seriøst som kvinnelandslag. Ho meiner det ikkje var nokon kultur for å trene med kvalitet for å bli betre, og at det «tynga henne over lang tid».
Spissen trekk også fram eksempel med at kvinnelaget skal ha fått med éi t-skjorte å representere i under EM, og at sokkane skal ha vore for store for spelarane.
Hegerberg meiner også at leiinga i NFF har problem med manglande kompetanse.
Generalsekretær i NFF, Pål Bjerketvedt, har kommentert kritikken overfor VG.
– Vi synst - fortsatt - at det er trist at Ada ikkje er med på landslaget, og at det er leit at ho hadde det ho beskriv som dårlege opplevingar den gang ho var med. Det er samtidig vanskeleg å kommentere synspunkt og opplevingar fra 2017 og åra før det. Vi har hatt ei fin utvikling dei to siste åra, og mange tiltak er iverksett. Vårt fokus no er VM.