Sjølv om arbeidsgruppa som skal legge fram innstilling, enno ikkje er ferdig med sin rapport, tyder det meste på at dei vil tilrå Narvik.
Det er Narvik og Kvitfjell/Hafjell som er dei to som konkurrerer om å bli norsk kandidat. Kvitfjell/Hafjell er Norges nasjonalanlegg for alpint.
Ettersom Trondheim søkjer om å få tildelt ski-VM i 2025, vil ein norsk alpin-søknad gjelde 2027.
Blir avgjort 19. november
Arbeidsgruppa skal ha si tilråding offisielt klar 12. november. Styret i Norges skiforbund skal endeleg avgjere kven som blir kandidat 19. november.
Norge har aldri arrangert VM i alpint.
NRK kjenner også til at arbeidsgruppa skal møte FIS' representantar Markus Waldner og Atle Skårdal i løpet av dei aller nærmaste dagane for å diskutere den norske VM-søknaden.
Arrangementssjef Terje Lund i Norges skiforbund seier at rapporten langt frå er ferdig, og at han derfor ikkje vil kommentere saka.
Narviks "x-faktor"
– Narvik har gode tradisjonar for å arrangere fine konkurranser, seier Kjetil Andre Aamodt, som har delteke i mange konkurransar i Narvik, mellom anna NM.
Han meiner Narvik har ein "x-faktor" som Hafjell/Kvitfjell ikkje har.
– Det er også eit enormt engasjement i lokalmiljøet, og dei har ein skikkeleg by i botnen av bakken, litt likt St. Moritz og St. Anton, som har hatt VM tidlegare. Narvik er eit veldig godt alternativ til å arrangere eit internasjonalt meisterskap, seier den tidlegare VM- og OL-vinnaren.
– Pluss-pluss for alle partar
Han ser for seg gode tv-bilete frå den spektakulære arenaen, noko som er viktig for FIS.
– Det blir veldig gode bilete av det, når du stuper ned løypa mot byen og havet. Det blir god reklame både for alpinsporten, Norge og Narvik. Dersom FIS går for Narvik, blir det pluss-pluss for alle partar.
Han er likevel ikkje negativ til Hafjell og Kvitfjell.
– Dei har arrangert både OL og mange verdscuprenn på ein dyktig måte, og vil framleis vere nasjonalanlegg som kjem til å¨vere ein bærebjelke vidare i norsk alpinsport. Der betyr det ikkje like mykje om det blir arrangert VM eller ikkje.
– Eg ønsker Narvik lykke til i prosessen, og håpar at dei endeleg kan få arrangert eit alpin-VM, seier Aamodt.