Langrennsheltane satsar på hest

Fleire utøvarar på langrennslandslaget satsar stort på travbanen og går til innkjøp av hest. – Dette hever lagmoralen, seier Petter Northug.

Skofterud

Vibeke Skofterud og Petter Northug kjøper hest.

Nystad

Også landslagstrenar Trond Nystad er med på investeringa.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix
Trond Anderssen

Trond Anderssen skal trene langrennselitens travhåp.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Med namnet Ringo Star M. skal ein snart fire år gamle gamal travar sørge for meir jubel og eit par ekstra kroner i kassa hos landets beste langrennsløparar.

Det håpar i alle fall Vibeke Skofterud.

– Sjølvsagt. Håpet er å dra inn mest mogleg pengar, gliser jenta som denne sesongen har hatt stor suksess i skisporet.

Petter Northug er også spent på investeringa.

– Vi får litt inside om korleis dei skal trene den. Det blir spennande å sjå når den skal prøve seg i sitt første løp, seier Northug.

I tillegg til dei to utøvarane er desse med på hestehandelen:

Tord Asle Gjerdalen, Eldar Rønning, Martin Johnsrud Sundby, Kristian Tettli Rennemo, Sjur Røthe, Bernt-Halvard Olderskog (Sponsorsjef), Trond Nystad (landslagstrenar), Steinar Mundal (teknikktrenar) og Torgeir Hansen (fysioterapeut).

– Moro å vere inne i noko anna enn langrenn

Sjølv om Northug har god erfaring med å komme først over mål på ski, veit han ikkje mykje om kven som hevdar seg i hestesporten.

– No er eg ikkje den ivrigaste på dette, men det blir artig å følge med på utviktinga. Vi får håpe hesten blir så god som mogleg. Det er første gangen vi eig noko felles her på landslaget, så det er moro, seier Northug.

– Betyr det noko for lagmoralen også?

– Ja, det er artig å ha noko slikt saman. Vi har snakka om og tenkt mykje på dette i heile haust. Vi har for eksempel hatt møter med hesteeigaren, så at vi fekk på plass dette er artig, seier Northug.

– Det er moro å vere inne noko litt anna enn bare langrenn. Eg synst det er veldig kjekt å vere med herrelaget på dette, fortel Skofterud.

Artikkelen fortsetter under video

Video Northug og Skofterud satser på samme hest

VIDEO: Northug og Skofterud satser på samme hest.

Lite suksess så langt

Ringo Star M. har allereie prøvd seg i to løp, men enda opp med å galoppere seg vekk begge gangane.

Dei tre siste månadane har hesten vore under vingene til landets leiande travtrenar, Trond Anderssen.

– Eg er veldig nøgd med det Ringo har prestert på trening, seier Anderssen.

Anderssen trener også Yarrah Boko som er ein av dei beste hestane i Europa.

Northug: – Skal vere fornøgd om vi går i pluss

Håpefulle Skofterud er heller ingen ekspert på trav.

– Til å ha vore sponsa av travsporten i ti år kan eg veldig lite om dette. Men eg veit at broren til denne hesten har løpt inn ein del pengar, seier Skofterud.

Unge Ringo Star M. heilbror til Shaman Star M. som har tent 331.500 kroner og vunne fleire V-75 løp.

Petter Northug har henta inn store pengesummar i langrennssirkuset. No får han sjansen til å tene seg opp på ei anna idrettsgrein.

Likevel har han ikkje store forhåpningane om sin nye investering.

– Eg trur ikkje vi skal vente at den skal dra inn noko milionbeløp, men om vi går i pluss skal vi vere fornøgd, gliser Northug.

Siste nytt

  • Hovland heng framleis med i teten

    Viktor Hovland gjekk tredje runde i PGA-turneringa i Wentworth i England på to slag under par, og er åtte under par samanlagt før siste runde.

    Han hadde fem birdiar og tre bogeyar på runden. Då han var ferdig, låg han på delt niandeplass, men ikkje alle var ferdige.

    Jon Rahm leier med 16 under par, framfor Danny Willett med 14 og Justin Rose med 13.

    Viktor Hovland
    Foto: Paul Ellis / AFP
  • – Bra tempotrening, sa vinnaren

    Weldu Negash Gebretsadik var suverent best på 10 km under Oslo Maraton og vann på tida 29.21.

    – Bra tempotrening, sa Gebretsadik til NRK etter målgang.

    32-åringen skal springe maraton under VM i friidrett som opnar i slutten av neste veke.

    Gebretsadik kom til Norge frå Eritrea som asylsøkjar, og blei oppdaga då han trena ved asylmottaket i Hurdal. Han blei norsk statsborgar i 2017 etter personleg å ha spurt statsminister Erna Solberg om det. I august i fjor fekk han løyve til å konkurrere for Norge.

    Weldu Negash Gebretsadik
    Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK
  • Landslagskeeperen er tilbake

    Landslagskeeper Cecilie Fiskerstrand er friskmeldt og tilbake i mål for serieleder LSK Kvinner. Hun måtte forlate banen med skade mot Klepp sist helg, og stod over mot Trondheims/Ørn på onsdag.

    LSK Kvinner møter Sandviken i toppkamp klokka 17.00. Kampen kan du se på NRK1 og nrk.no.

    Fiskerstrand
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal