– Vi spelar med drakter der det står Oslo. Det er ganske artig, smiler Tor Thodesen på telefon frå Senegal.
Kanskje hugsar du han som mannen bak Sandefjords opprykk til Tippeligaen i 2005?
Stemma har du nok også høyrt, Thodesen var NRKs ekspertkommentator på norsk fotball tilbake i 2008 og 2009.
56-åringen frå Nøtterøy har hatt ein lang og fartsfylt karriere i norsk fotball, Aust-Europa og Dei sameinte arabiske emirata.
Siste stopp i Noreg var i Kvik Halden i 2021, men no er det klart kva som blir Thodesens neste utfordring.
Han har flytta til Afrika, nærare bestemt Dakar i Senegal, og er manager for klubben med namnet Oslo Football Academy Dakar.
Det profesjonelle laget spelar på nivå to i Senegal, og det er ikkje utan grunn at det har fått namnet Oslo.
– Sjølvsagt er målet å selje spelarar, det ligg litt i namnet, seier Thodesen til NRK, men påpeikar at det er fleire faktorar til at laget no spring rundt med Oslo på drakta.
– Forlokkande
For å forklare Thodesens karriereretning, må vi spole tida tilbake til 2006. Det var året då det meste gjekk som det skulle for Thodesen. Sandefjord spelte på høgaste nivå, og utmerkinga av opprykket viste seg i prisen for årets trenar same år.
Det var også året der Thodesen møtte Youssoupha Fall frå Senegal. Det er mannen bak mange senegalesiske overgangar til norsk fotball.
Thodesen signerte Malick Mane av Fall. Og derfrå byrja ballen å rulle.
Duoen har halde kontakten i nærare ti år, og snakka løyst og ledig om at Thodesen skulle bli trenar for eit senegalesisk lag.
Det var ikkje før Fall starta opp sin eigen klubb, nemnde Oslo Fotball Academy Dakar, at tanken vart ein realitet.
Og no har Thodesen signert ein treårskontrakt med evaluering etter eitt år.
– No var tida inne, og det passa veldig bra for meg. Det er vel så spennande for meg å få noko heilt anna på kjøpet, og etter å ha vore i Asia og Aust-Europa, så har jo Afrika vore forlokkande alltid, då, seier Thodesen.
Han brukte ikkje lang tid på å ta jobben, meiner det er relativt trygt på grunn av relasjonen med Fall og synest det er heilt topp at denne moglegheita no dukka opp.
Så er det jo noko kjært ved at draktene viser Oslo.
Utviklar tilbodet
Skal vi tru Thodesen, er det ikkje tilfeldig at laget har fått det namnet.
– Fall fekk sitt første napp med meg, og såg potensialet i å sende spelarar til Skandinavia og Noreg først, slik at dei kunne finslipast der før dei drog vidare ut i Europa. Det har vist seg å fungere, seier Thodesen.
– Er målet med klubben å selje spelarar?
– Det er klart at det er veldig vanskeleg å tene pengar på fotball her, om ein ikkje sel spelarar. Det er ikkje som ein europeisk marknad med tanke på sponsorar, eller offentleg støtte. Det å selje spelarar gjer at klubben kan utviklast mykje fortare, enn om ein ikkje gjorde det, seier Thodesen.
Han held fram:
– Men Fall er veldig tydeleg på at det er for å kunne reinvestere dei pengane i anlegg og utvikling. Det er ein stor klubb med aldersbestemte lag. Hovudmålet er å drive god klubb i Dakar, seier han.
Utfordringar med fransken
No gler Thodesen seg til å komme i gang. Han har fått seg privat sjåfør, tolk og gler seg til å starte i den nye stillinga si som manager. Sportsleg sett kunne han ikkje bede om meir, men privat sett kjenst det litt langt unna.
Det er også derfor han har nedfelt at ei evaluering skal skje etter eitt år.
– Eg må kaste meg rundt og bli kjend med dei andre trenarane, og prøve å byggje dei relasjonane for å få dette til å rulle og gå. Det er masse utfordringar, og ikkje minst språkleg.
Fransken sit ikkje heilt enno.
– Eg kan angre på at eg ikkje var litt ivrigare i fransktimane på vidaregåande, for å seie det sånn. Eg må prøve å ruste av noko av han. Litt kommandospråk på feltet må eg prøve å få til, så får eg heller bruke tolk under spelarsamtalar, seier han.
Oslo Fotball Academy Dakar enda på ein 6.-plass i debutsesongen i den senegalesiske andredivisjonen i fjor. Sesongen i år startar om snaue to veker.