– Eg hugsar ikkje noko frå dei siste 250 meterane, så eg visste ikkje kva vi hadde tatt då vi kom i mål. Fanken for eit tett løp, seier ein andpusten Kristoffer Brun.
– Det er det jamnaste og mentalt tøffaste løpet eg har vore med i, legg bergensaren til.
I knallhard hard kamp med Frankrike, USA, Irland og Sør-Afrika hang Brun og Strandli med heile vegen til mål i ein uhyre jamn ro-finale.
Så jamt var det at Strandli og Brun kun var eitt fattig tidel framfor fjerdeplassen på 1500-meterpasseringa.
– Nådde målsettinga, men oppfylte ikkje draumen
Presset frå båtane bak var massivt og faren for å misse ein medaljeplass var enorm. Og sjansen for å ta gull var stor heile vegen.
– Vi gjekk for gull, og trudde vi kunne ta gull då vi passerte 1500 meter, seier Brun.
– Eg følgde ikkje så mykje med rundt meg, men eg skjønte at alle båtane låg på linje. Det var sinnssjukt jamt!, seier Are Strandli.
I mål var vestlandsduoen nummer tre, og sikra med det sin første OL-medalje i karrieren.
Men det var kanskje litt bittert at det kun var 16 hundredelar opp til Irland, som tok sølvet.
– Draumen var å ta gull, men vi vann bronse. Vi har nådd målsettinga, men ikkje draumen, seier Brun.
Borch: – Klaffa ikkje heilt med OL-formen
Kjetil Borch, som tok bronse i tungvekts dobbeltsculler torsdag, er imponert over den norske innsatsen i den tette marginkampen, men trur Brun og Strandli kunne vore endå flinkare til å spisse toppformen til riktig tidspunkt.
– Are og Kristoffer sette norgesrekord før avreise til Rio. Dei rodde svinfort på trening. Eg trur dei har bomma litt med formen. Eller, ikkje bomma, men dei har ikkje fått den ultimate toppen dei er gode for. Are har sett sliten ut, så bronsen er gull verdt, seier Kjetil Borch.
Olaf Tufte synst det var leit at vestlandsduoen mista sølvet.
– Det såg ut som dei skulle miste pallplassen. Å ta ut det vesle ekstra er ekstremt bra, men dei hadde fortent bedre.
Letta over medaljefangst
Førehandsfavoritt Frankrike tok OL-gullet med ganske klar margin, over halvsekundet framfor den norske båten.
– Vi skal vere glade for at vi har med medalje heim. Det kunne raskt ha enda med 4.- eller 5.-plass, seier Kristoffer Brun.