Kristoffer Brun og Are Strandli hadde ingen problem med å ta seg vidare frå forsøksheatet i lettvektdobbeltsculleren i dag. Dei var overlegne frå første tak.
– Det var eit sjokk for kroppen, me er ikkje vande med å jobbe so lenge med so mykje mjelkesyre, seier Brun til NRK.
Den norske duoen blir rekna som ein av våre største sjansar til å ta medalje i Rio-OL, og skulle eigentleg ro forsøksheatet allereie i går.
Det blei utsett på grunn av kraftig vind, men i dag kunne konkurransane fortsette som planlagd.
– Det var godt å komme i gang. Planen er å prikke inn formen dei neste dagane, so me trengte denne gjennomkøyringa, fortel Brun
Full kontroll
Landslagssjef Johan Flodin trur derimot det berre var ein fordel for den norske båten å få utsatt heatet til i dag.
– Eg er sikker på at for deira del, no som innvegingen går lett og dei er veldig lada, so trur eg det slår hardare mot våre konkurrentar enn mot oss, sa Flodin etter at gårsdagens heat blei utsett.
Det såg i alle fall ikkje ut til at Brun og Strandli blei særleg påverka. Dei var førehandsfavorittar til å vinne heatet mot Hongkong, USA, Chile og Austerrike.
Dei kom seg godt i gang i, utan å bruke for mykje krefter. Teknikken stemte frå første tak, og dei reiste lenger og lenger frå konkurrentane.
Allereie ved passering 500 meter hadde dei over eit båtlengde til nummer to.
Dei einaste som var i nærleiken av å følge den norske båten var Josh Konieczny og Andrew Campbell frå USA. Dei holdt avstanden stabilt rett under 2 sekundar opp til nordmennene heile vegen.
Brun og Strandli sakka litt på farten inn mot mål, men var fortsatt over sekundet framom USA.
Chile kom inn på tredjeplass, men var over 14 sekundar bak.
Medaljehåp
Sjølv om Norge hadde stålkontroll i sitt heat, var det tre land frå andre heat som hadde betre tid enn Norge i forsøksheatet.
Den norske duoen lovar at dei har meir å spa på med.
– Formen skal ikkje vere på topp i dag. Det blir ein slags gjennomkøyring. Me trur me er i rute, ler Brun.
– Me er i rute, svarar Strandli raskt.
Strandli og Brun skal ut i semifinale onsdag.