Det var norske spelarar som sette inn alle tre scoringane i andre omgang.
Morten Thorsby sende Heerenveen i leiinga og dobla åtte minutt etterpå. Begge scoringane kom etter innlegg frå Denzelf Dumfries.
12 minutt før full tid reduserte Bjørn Maars Johnsen til 1-2 for heimelaget ADO den Haag.
I tillegg blei ei heading frå Maars Johnsen redda på streken fem minutt på overtid.
Martin Ødegaard scora ikkje, men sette ADO-keeper på fleire store prøver, ifølgje nederlandske nos.nl.
Thorsby scora to også i Heerenveens første kamp for sesongen, og deler førsteplassen på scoringstabellen i Æresdivisjonen med Alkmaar-spelaren Wout Weghorst.
Thorsby vart bytta ut seks minutt før slutt, men lagkamerat Martin Ødegaard spela heile kampen.
Laget frå skøytebyen ligg på åttandeplass blant dei 18 laga i Æresdivisjonen. ADO er sist utan poeng.