Den avgjerande OL-kvalifiseringskampen mellom Norge og Sveits stod og vippa etter ein time spelt. Caroline Graham Hansen sendte Norge i føringa, men sveitsarane kom tilbake og utlikna etter ein halvtime. Nå måtte Norge ha mål skulle OL vere mogleg.
Da blei Norges farlegaste angripar tatt av banen.
– Ikkje forsvarleg
– Det var det eg fekk lov til å spele i dag. Det er utruleg skuffande å gå av når kampen står og vippar og ein veit at ein kan hjelpe laget meir, seier Hansen til NRK.
Grunnen var ein kneskade 21-åringen har slite med i lengre tid. Derfor var det på førehand bestemt at ho ikkje skulle få spele meir enn 60 minutt.
– Eg har ein fysisk tilstand som gjer at det ikkje var forsvarleg å fortsette, så da blei det slik.
– Om det var opp til deg, hadde du spelt 90 minutt i dag?
– Ja, det hadde eg, svarar Graham Hansen kontant.
– Tolte ikkje meir
Landslagstrenar Roger Finjord fortel at det i heile teke var usikkert om Hansen skule spele kveldens kamp mot Sveits i Rotterdam.
– Ho er framleis i opptrening, og det var bestemt på førehand at ho skulle spele 60 minutt. Det var også det kneet kneet til Caroline tolte i dag, for når ho gjekk av i dag hadde ho fått nok, seier Finjord.
– Men er ikkje dette ein kamp kor ein må utnytte dei største stjernene maksimalt?
– Jo, ein må definitvt utnytte dei så langt det lar seg gjere i forhold til det medisinske. Dette er ikkje berre snakk eit overtråkk, men ein skummel kneskade.
Sverige tok den eine OL-plassen etter at dei spelte uavgjort mot Nederland. Dermed blir det for andre gong på rad eit OL-sluttspel utan norske fotballkvinner.
– Me er frykteleg nære og det gjer det sinnsjukt surt at me ikkje klarer det, seier Caroline Graham Hansen.