– Det her var veldig herleg, seier Daniel André Tande etter den sterke norske prestasjonen.
I fjor vart Robert Johansson diska i lagkonkurransen på grunn av feil med hoppdressen. I dag fekk han sin revansj, då det norske laget hoppa seg opp til ein sterk 2.-plass. Austerrike var suverene, medan Polen tok 3.-plassen på heimebane.
– Stor kontrast frå i fjor. Godt å sjå at det fungerer. Beste starten vi kan ha på sesongen, seier ein glad Robert Johansson.
Nordmennene låg på 5.-plass etter den første omgangen. Då var det berre Robert Johansson som leverte varene med eit hopp på 129 meter. Men i den andre omgangen slo også Marius Lindvik til med eit hopp på 128 meter. Dermed tok dei seg forbi både Polen og Slovenia.
I går falt han på to av tre hopp. I dag klarte ungguten halde seg på beina.
– Eg var litt spent. Så tenkte at i den andre omgangen skal eg berre kline til og gi litt meir faen. Herleg følelse å få det til, seier Lindvik.
Ny dress vart testa ut
Likevel var det den kvite hoppdressen til Robert Johansson som vekte mest oppsikt i Wisla. I går var nordmennene ute og lo av dei polske nye hoppskoa som ifølgje polakkane skulle revolusjonere hoppsporten.
NRK kunne også fortelje at Norge på same tid har testa ut ein ny norsk kvit dress. Men Johansson var ikkje villig til å snakke så mykje om sin nye dress etter hopprennet i Wisla.
– Vi får sjå. Det ser lovande ut, var alt han ville sei om den nye dressen til NRK.
I dag var det berre Johansson som hoppa med kvit dress. Det norske støtteapparatet vil heller ikkje sei så mykje om den nye dressen, men fortel til NRK at det kan bli aktuelt for andre hopparar å ta i bruk den nye dressen etter kvart.
– Vi jobbar heile tida med at vi skal ha optimalt utstyr og den optimale teknikken. Føler vi har ein bra plan, er alt hoppsjef Clas Brede Bråthen vil sei om dei nye dressane.
Oppløftande hopping
Sesongopninga i Polen denne helga har så langt gitt positive svart for Robert Johansson. Mannen med barten tok ein sterk 5.-plass under kvalifiseringa i går. I dag følte han opp med to gode hopp.
– Eg har jobba ekstra hardt i sommar. Merka at har vore i god form den siste tida og tatt steg for steg, og då funkar hoppinga og, seier Johansson til NRK.
Dette er noko som sjølvsagt gler den norske trenaren Alexander Stöckl.
– Robert har vore sterk veldig lenge no. Han har funnet ein bra rytme og gjort ein bra jobb gjennom heile sommaren.