Hopp til innhold

Gjer narr av ny, polsk hoppsko: – Berre eit skremmeskot

Dei polske skihopparane stiller til verdscupåpninga med ein ny type hoppsko som dei sjølv meiner kan revolusjonere sporten. Det får dei norske hopparane berre til å le.

Ny polsk hoppsko

SKOREVOLUSJON: Dei polske skoa gav ingen revolusjonerande resultat under sesongopninga fredag.

Foto: Andreas Hagen / NRK

Og det hadde dei god grunn til etter sesongopninga fredag.

– Det lover vel bra for vår del at dei må gå ut i media å snakke opp skoen, i staden for å gå ut å vise det, seier Johann André Forfang med eit stort smil.

Det er ingen tvil om at dei nye polske skoa er den nye «snakkisen» både før og under sesongopninga i polske Wisla denne helga.

Raw Air Hopp Lillehammer.

NY SKO: Polen sin sportssjef Adam Malysz meiner dei har ein ny hoppsko som vil revolusjonere idretten.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Den polske skilegenda og polske hoppdirektøren Adam Malysz kallar den nye skoen revolusjonerande i ei pressemeldinga forbundet sende ut sist veke.

– Desse skoa gir seks meter lengre hopp i stor bakke og heile ti meter i skiflyging, fortalde den polske hopparen Piotr Zyla til TV-kanalen TVP Sport.

Men under kvalifiseringsrennet på fredag var det veldig lite som tyda på at skoa hadde gitt ein umiddelbar effekt. Beste polakk, Dawid Kubacki på ein 7.-plass, hoppa utan dei nye skoa. Fjorårets store stjerne, Kamil Stoch, enda på ein 11.-plass med nye sko.

Tvilar på mirakel

– Berre eit skremmeskot. Veldig sjeldan at du går inn i sesongen, der du trur du har noko som er ein stor fordel, og så kringkastar du det til heile verdscupsirkuset på den måten, sa Daniel André Tande til NRK tidlegare denne veka.

Og etter kvalifiseringa fredag var han ikkje blitt meir imponert.

– Den som hoppa med dei vanlege skoa hoppa lengst. Dei prøver å psyke oss ut, men det funkar ikkje, smiler han.

Medietreff for hopplandslagene

IKKJE SKREMD: Daniel André Tande lar seg ikkje skremme at dei polske hopparane har fått nye sko til sesongen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Robert Johansson var ein av fleire som såg dei polske hopparane i sommar teste ut dei nye skoa, då under streng kontroll. Skoa var utan logo og vart raskt pakka ned i sekken etter bruk.

– Eg veit at dei er kvite. Dei ser veldig like ut som våre sko. Eg trur vi hadde sett det alt i sommar om det var ein stor fordel.

Den polske revolusjonen har heller ikkje tatt nattesøvnen frå hopptrenar Alexander Stöckl.

– Nei, det var ikkje noko spesielt. Mest jippo, konstaterer austerrikaren.

Det psykologiske spelet

Den polske hoppsjefen vedgår at mystikken runde dei nye skoa er ein viktig del av spelet.

– Våre konkurrentar veit alt at vi har noko hemmeleg på utstyrssida. Dei er litt skremt over det, utan å heilt å vite kva det er. Den psykologiske effekten er viktig, sa Malysz med eit stort smil til TVP Sport tidlegare i veka.

Etter kvalifiseringa fredag var derimot polakken litt meir spake i ordbruken.

Kamil Stoch

USIKKER: Kamil Stoch overbeviste ikkje med nye sko under sesongåpninga i Wisla.

Foto: Jure Makovec / AFP

– Eg prøver å fokusere på å hoppe, ikkje så mykje på utstyret, seier Kamil Stoch til NRK. Han ler når vi spør om det er sant at dei nye skoa skal auke lengda med fleire meter.

– Om dei gjer det så blir eg lykkeleg, men eg føler ikkje at dei gir meg sju meter lengre hopp.

Skoa nekta han derimot å vise fram og skulda på at dei låg så djupt nede i sekken, da han møtte NRK etter kvalifiseringa.

Dawid Kubacki forklarte at han ikkje hoppa med dei nye skoa under kvalifiseringa, fordi han må bruke litt tid på at dei skal bli tilpassa foten hans. Men åtvarar likevel nordmannen til å le for høgt.

– Vi får sjå utover i sesongen. Framleis er skoa til testing. Så eg trur vi kan sjå det seinare i sesongen.

Ny norsk hoppdress?

Det norske hopplandslaget er ikkje heilt framand med sjølve å utnytte den psykologiske effekten av nytt utstyr. Det vakte nemleg stor oppsikt at nordmannen for to år sidan reiste til OL i Pyeongchang med svarte dressar. Desse var laga av eit stoff ingen andre fekk tilgang til.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Hopp menn.

SVART DRESS: Robert Johansson og dei norske gutane kunne juble etter gull i lagkonkurransen under OL i Pyeongchang. Med seg til OL hadde dei heilt nye svarte dressar.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Når NRK spør hoppsjef Clas Brede Bråthen om Norge har noko på lur svarar han slik:

– Det håpar eg vi definitivt har. Føler vi er enda betre førebudd denne sesongen. Men eg går ut frå at konkurrentane også føler det. Så håper eg vi har tatt eit steg meir enn dei.

NRK kjenner mellom annan til at ein ny type hoppdress er blitt testa ut, og at det mellom annan er gjort forsøk med ein kvit dress.

– Det blir jo spanande å sjå. Hoppa med mykje rart i sommar, men kva for farge veit eg ikkje, seier Tande og smiler lurt. Så mykje meir vil han ikkje røpe

– Skal eg hoppe med kvit dress? Det blir feitt, seier Forfang og ler løyndomsfullt, før han legg til:

– Det er litt vanskeleg å seie akkurat no. Vi får sjå når vi set i gang med konkurransar igjen, då får vi på ein måte svar. Vi har jo tankar og meiningar, men vi har ikkje fått bevist noko enno. Det får vi til helga, så får vi sjå.

– Så det kan dukke opp ein ny norsk superdress?

– La oss krysse fingrane for det, smiler 24-åringen lurt.

Under kvalifiseringa fredag hoppa derimot dei norske hopparane i sine vanlege svarte dressar. Robert Johansson var beste norske hoppar med ein 5.-plass, og var altså betre enn dei polske hopparane.

Hopplandslagets take off

NY DRESS?: Daniel André Tande og Johann André Forfang er løyndomsfulle når det blir snakk om at ein ny norsk hoppdress er på gang.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Siste nytt

  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Fifa har inngått gigantavtale med saudiarabisk oljeselskap

    Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har signert en kontrakt med oljeselskapet Saudi Aramco ut 2027.

    Den fire år lange avtalen skal innebære at Saudi Aramco blir en Fifa-partner i turneringer som VM for menn i 2026 og VM for kvinner i 2027.

    Noe beløp er ikke kjent, men ifølge nyhetsbyrået AP er det den største avtalen Fifa har inngått med en sponsor om man regner årlig verdi.

    Avtalen har vært ventet siden i fjor høst. Da ble Saudi-Arabia bekreftet som arrangørland til fotball-VM for menn i 2034.

    – Dette partnerskapet vil hjelpe Fifa til å lykkes med å gjennomføre sine flaggskipsturneringer, sier Fifa-president Gianni Infantino i en uttalelse.

    Oljestaten Saudi-Arabia har pumpet inn milliarder inn i idretter over hele verden som golf, fotball, motorsport og kampsport.

    Idrett er ett av satsingsområdene i det regimet kaller «Visjon 2030», en økonomisk plan som skal bygge nye næringer og skape arbeidsplasser. Saudi-Arabia er i en årrekke blitt kritisert for brudd på menneskerettighetene og vært anklaget for å drive med sportsvasking.

    Statseide Aramco eier laget Al-Qadsiah, som leder nivå to i hjemlig liga, og bygger et stadion i byen Dammam hvor det skal spilles kamper i Asian Cup om tre år. Trolig også i VM i 2034.

    – Gjennom dette partnerskapet med Fifa tar vi sikte på å bidra til fotballutvikling og utnytte sportens kraft for å utgjøre en forskjell over hele verden, sier Aramco-president Amin H. Nasser.

    (NTB)

    yxSHGc2NkxA
    Foto: AP
  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal