No blir det heilnordisk kvartfinale mot Sverige – eit lag som har slått Norge berre ein gong i meisterskapssamanheng. Det var i gruppespelet i EM 2010, og då tok Norge revansj i finalen.
Landslagssjef Thorir Hergeirsson var misnøgd med målvakts- og forsvarsspelet i kveld.
– Det blir sju mål for mykje baklengs for oss. Vi hadde for få redningar og for dårleg forsvar, serleg dei første 20 minutta. Fire taklingar og brot dei første 22 minutta, det held ikkje, seier Hergeirsson til NRK.
– Men så møter vi eit lag som kjempar for livet. Og vi gjer mykje godt – vi scorar trass alt 28 mål.
– Fullt fokus på forsvar og målvakt
– Vi hadde god kontroll i andre omgang. Det var aldri fare, sjølv om dei kom nær oss, seier Nora Mørk til NRK.
No skal landslagssjefen førebu seg på kvartfinalen mot Sverige.
– Der blir det fullt fokus på målvakt og forsvar. Det er det som avgjer handballkampar. Der må vi skjerpe oss, seier han.
– Dei har mange rutinerte spelarar, er fysisk robuste og har ein lagmoral som vi. Og dei har dyktige målvakter, seier Hergeirsson
– Dei har eit godt lag, men vi er betre, og slår dei om vi har ein god dag, seier Nora Mørk.
Mykje som svikta
Det var mykje som svikta mot Romania, og Norge fekk aldri flyten. Ikkje minst var målvaktsspelet mykje meir usikkert enn i dei siste kampane.
Norge greidde ikkje å riste rumenarane av seg før pause, og leia berre 14-13 etter første omgang. Men med målvaktsbyte og større tempo i andre omgang festa Norge grepet om kampen, og vann rimeleg lett kampen som ikkje betydde allverden for det norske laget.
Norge er nummer to i gruppa, slått av Brasil på innbyrdes oppgjer. Sverige enda på tredjeplass i den andre gruppa.
Redda eitt av 15 skot
Målvaktspelet i første omgang var ikkje av vanleg norsk kvalitet. Katrine Lunde redda berre eitt av 15 rumenske skot – ein redningsprosent på berre 7.
I pausen bytte landslagssjefern ut Lunde med Kari Aalvik Grimsbø i mål. Det hjelpte. Ho kom ikkje opp mot sine beste kampar, men redningsprosenten gjekk opp. Tryggleiken i det norske forsvarsspelet likeså.
Grimsbø redda fem av 17 skot i den tida ho spela.
Cristina Neagu scora 11 mål for Romania. Men laget bygde altfor mykje rundt henne, og det var ikkje godt nok.
Veronica Kristiansen blei norsk toppscorar med 7 mål.