Norge på åttendeplass

Norge endte på en åttendeplass i langrenn blandet stafett i Paralympics. Ukraina stakk av med gullet.

Laget, bestående av Trygve Steinar Larsen, Johannes Birkelund, Birgit Skarstein og Vilde Nilsen, var over to minutter bak.

Mixed stafett
Foto: Thomas Lovelock / AP

Sportsnyheter

FNs arbeiderorganisasjon, ILO med rapport om arbeidsforhold i Qatar

Slik lever tusenvis av migranter i Qatar og for noen ender også livet her

En ny rapport viser at 50 gjestearbeidere døde i Qatar i 2020. En tur i området rundt hovedstaden Doha viser at noen arbeidere jobber under svært farlige forhold.

Siste nytt

  • Nilsson ute av troppen

    Stina Nilsson er ute av Sverige-troppen når verdscupen i skiskyting held fram i Östersund torsdag. Ho skal i staden gå IBU-cuprenn på norsk snø.

    Den svenske landslagsleiinga vel denne veka å gi Johanna Skottheim sjansen i verdscupen.

    Nilsson stiller i staden til start i IBU-cupen på Sjusjøen. Der skal det gåast supersprint (onsdag), sprint (fredag) og fellesstart (laurdag).

    – På Sjusjøen får Stina sjansen til å gå tre nye renn mot hard internasjonal motstand. Det trur eg er perfekt for hennar vidare utvikling, forklarer Lukas.

    Nilsson blei nummer 43 og 55 i dei to premiererenna i Östersund i helga. Ho hoppa over frå langrenn til skiskyting vinteren 2020.

    Stina Nilsson
    Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK
  • 2 x Ingebrigtsen i terreng-EM

    Friidretsforbundet har teke ut laget til EM i terrengløp i Dublin 12. desember. Både Filip og Jakob Ingebrigtsen er med. For Jakob er det første EM som seniorløpar.

    Menn senior 10 km:
    Jakob Ingebrigtsen, Sandnes IL
    Filip Ingebrigtsen, Sandnes IL
    Narve Gilje Nordås, Sandnes IL
    Zerei Kbrom Mezngi, Spirit FIK
    Bjørnar Sandnes Lillefosse, IL Gular
    Tom Erling Kårbø, Stord IL

    Kvinner senior 8 km:
    Karoline Bjerkeli Grøvdal, IK Tjalve
    Mathilde Theisen, OSI Friidrett
    Ine Bakken, IL Gular

    I tillegg er 13 løparar tekne ut i ungdomsklassene.

    Jakob Ingebrigtsen i Monaco, juli 2021.
    Foto: CLEMENT MAHOUDEAU / AFP
  • United-kamp kan bli korona-flytta

    Sveits har skjerpa innreisereglane som følgje av omikronvarianten. Det kan føre til at Manchester United – Young Boys må spelast utanfor England.

    Det melder den britiske avisa The Telegraph. Sveitsiske styresmakter pålegg ti dagars karantene for personar som kjem til landet frå stader der omikronsmitte har vorte påviste.

    Etter planen tek Manchester United imot sveitsiske Young Boys på Old Trafford i den siste gruppekampen til laga i meisterligaen 8. desember.

    Dersom Young Boys ikkje får dispensasjon frå innreisekarantene i Sveits, må kampen flyttast til eit anna land om det skulle vere mogleg.

    Manchester United er allereie klare for åttedelsfinale som gruppevinnar, medan Young Boys kan ta igjen Atalanta og sikre 3.-plassen som gir spel i Europaligaen.

    Straffe til Chelsea
    Foto: DAVID KLEIN / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal