Hopp til innhold

Serbisk trenar forbanna etter denne situasjonen: – Noreg treng ikkje hjelp

KUMAMOTO (NRK): Den serbiske trenaren Ljubomir Obradovic meiner dommarane hjelpte Noreg til sigeren da Serbia måtte avslutte med to spelarar færre.

Skjermdump frå TV3

Dragana Cvijic fekk to minuttars utvising for denne duellen mot Heidi Løke.

Foto: Skjermdump med tillating frå TV3

Laster innhold, vennligst vent..

– Ein siger med bismak, sa NRKs kommentator Patrick Sten Rowlands etter at Noreg hadde avgjort mot Serbia.

For da Serbia heldt på å gje Noreg kamp heilt inn til døra i gruppefinalen, fekk dei fyrst ein spelar utvist. Det var den serbiske trenaren langt frå einig i og dermed blei han også utvist for munnbruk.

Kommentator forstår frustrasjonen

Plutseleg måtte Serbia avslutte dei to siste minutta med fire mot Noregs seks spelarar.

I utgangspunktet ville ikkje den serbiske trenaren Ljubomir Obradovic snakke om dommarane i intervjuet etter kampen.

Etter å ha snakka om kor skuffa han er over tapet og kor mykje respekt han har for norsk handball, kjem han inn på kritikken likevel.

– Noreg har mykje erfaring, dei treng ikkje hjelp for å vinne, seier Obradovic til NRK etter kampen

Serbisk trenar

Obradovic var svært skuffa etter 28-25-tapet mot Noreg.

Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

– Fekk Noreg hjelp av dommarane?

– Stor hjelp.

NRKs kommentatorduo Patrick Sten Rowlands og Kenneth Gabrielsen synest synd på Serbia i sluttminutta.

– Etter å ha sett situasjonen igjen synest eg dommaren gjer rett, men eg forstår frustrasjonen til trenaren. Ho blir dømd på noko ho har fått lov til å gjere i 58 minutt. Da synest eg dommarane er inne og avgjer kampen, seier Rowlands og legg til:

– Det er fort mogleg Noreg hadde vunne uansett, men eg skulle gjerne sett det var seks serbiske spelarar på banen.

Glad for kamp til døra

Noregs kaptein var uansett glad for at det blei kamp nesten heilt inn til døra.

– Eg likar sånne kampar som det her. Det blir fysisk og blir litt spenning. Eg er skikkeleg glad for at me fekk ein sånn kamp som det her, seier Stine Bredal Oftedal.

Stine Bredal Oftedal
Foto: Vidar Ruud / NTB scan

For det var ikkje overkøyring som i delar av kampen mot Slovenia i går. Til tider spelte Serbia Noreg ut av hallen i fyrste omgang og gav dei norske jentene nokre skikkelege trykkar i forsvar.

Avgjorde da Serbia fekk to utvisingar

Heilt til Serbia måtte avslutte med to spelarar færre da dei låg to mål bak to minutt før slutt, var det spenning i kampen.

– Me treng å kjenne på det å spele jamne kampar. Me trudde at Slovenia skulle halde litt lengre, men det fekk me ikkje. Det er heilt avgjerande at me lærer oss å vinne kampar som er jamne gjennom heile kampen, seier Oftedal.

Med to spelarar i overtal var det null problem for Noreg å avgjere kampen. Dei drog i land den tredje sigeren på rad med 28–25.

Kari Brattset meiner det var ein skikkeleg slitekamp.

– Det var ein tung start, men samtidig er det litt typisk for slike kampar. Det er ofte litt jamt i starten. Eg er glad at me ikkje blir stressa og held fram og gjer vårt spel, seier strekspelaren.

Tøff fyrste omgang

Som mot Slovenia i går fekk Noreg det tøft frå start av. Dei blei til tider spelt ut av hallen i fyrste omgang av eit sterkt serbisk lag.

Stine Bredal Oftedal og co. fekk merke dei serbiske kraftspelarane på kroppen. Oftedal var ei av fleire norske spelarar som gjekk ned for teljing etter svært tøffe duellar.

Jubelbilde Norge slo Serbia
Foto: Vidar Ruud

Til pause var laget som tok VM-bronse og slo Noreg ut av VM i 2013 berre eitt mål bak. Men som i går heva det norske laget seg betrakteleg etter pause.

Motstanden var enda eit par hakk opp frå møtet mot Slovenia i går. Da eit kvarter stod igjen leia Noreg med fire mål og såg ut til å ha kontroll på sigeren. Men dei serbiske kvinnene gav seg ikkje, kom tilbake og var berre to mål to minutt før slutt.

Nå har Noreg seks poeng etter tre kampar før kviledagen i morgon. På torsdag ventar Angola.

Siste nytt

  • Ajer ute med skade – Hanche-Olsen pådro seg smell

    Brentford-proffen Kristoffer Ajer er skadd og er ute av Norges tropp til de kommende EM-kvalifiseringskampene mot Spania og Georgia.

    – Ajer har meldt forfall. Han var inne både som alternativ på midtstopper og høyreback. På de posisjonene har vi mange alternativer, sa landslagssjef Ståle Solbakken på en pressekonferanse mandag.

    I tillegg er det nok en stopper det er noe bekymring rundt.

    – Andreas Hanche-Olsen fikk seg en smell i går, men kom hit relativt frisk og rask. Vi får se hvordan det ser ut med ham i morgen, fortsatte han. (NRK/NTB)

    Fotball: Trening med Norges herrelandslag
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Råsterk Foss hjalp Roglic til Catalunya-seier

    Godt hjulpet av Tobias Foss fortsatte den slovenske sykkelstjernen Primoz Roglic kjempestarten på sykkelsesongen med etappeseier i Volta a Catalunya mandag.

    Mandagens 164,6 kilometer lange åpningsetappe fra Sant Feliu de Guíxols til Sant Feliu de Guíxols ble avgjort med en rundt to kilometer lang stigning. Der satte Tobias Foss voldsom fart for sin kaptein Primoz Roglic. (NTB)

    Italy Tirreno Adriatico Cycling
    Foto: GianMattia D'Alberto / AP
  • Ny norsk overbevisende seier i curling-VM

    Det norske kvinnelaget i curling beseiret Danmark med 7-3 i den fjerde kampen under verdensmesterskapet i Sverige.

    Anført av skip Marianne Rørvik fikk den norske kvartetten en drømmestart på mandagens kamp. Det ble to norske poeng i begge de to innledende omgangene.

    Det ga Rørvik og lagvenninnene et forsprang de danske jentene ikke på noe tidspunkt klarte å utlikne.

    Norges lag består foruten Rørvik av Martine Vollan Rønning, Mille Haslev Nordbye og Kristin Skaslien.

    Norge åpnet mesterskapet i svenske Sandviken med to seirer og ett tap på de tre første kampene. (NTB)

    Curling-VM for kvinner
    Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Femmilas historie: Brekker seg av gammelt smøretriks 02:59
Neste