Hopp til innhold

Sagosen kåra til banas beste – totalt ueinig i avgjerda

Noreg fekk ein uryddig start, men vann til slutt stort. Sander Sagosen blei kåra til banas beste, men den prisen meinte han sjølv at han ikkje burde hatt.

Preliminary Round - Norway v Argentina

VILLE IKKJE HA PRISEN: Sagosen tykte ikkje at han fortente prisen for banas beste.

Foto: TOMASZ MARKOWSKI / Reuters

Då Sander Sagosen blei ropt opp over høgtalaranlegget som banas beste i kampen mellom Noreg og Argentina, rista han på hovudet og drog tak i lagkamerat Magnus Abelvik Rød.

Noregs kaptein dytta Rød føre seg, og tvilte ikkje eitt sekund på at Rød også skulle vere med på biletetakinga i lag med prisen.

– Abelvik står der motvillig saman med Sagosen. Han meiner Rød bør bli banas beste, som har ein kanonkamp, og som forhåpentlegvis får eit friskt meisterskap, seier NRKs kommentator Patrick Rowlands på NRK sport radio.

No forklarar Sagosen kvifor han gjorde det.

– Eg synest Magnus gjer ein fantastisk kamp, og skal bli verdsett med banas beste. Han stupar inn med nasen inn i kvar duell og vinn dei. Han gjer ein stor kamp og eg tykkjer han bør få den anerkjenninga, seier Sagosen.

sagosen og rød

ROS: Sagosen ville at Rød skulle bli kreditert for prestasjonen han leverte.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Ganske brutalt

Abelvik Rød var sjølv fornøgd med gjennomføringa av kampen, og tykkjer det er gledeleg at han scorar fem mål i denne kampen. Då Sagosen drog han fram for å ta imot prisen for banas beste av juryen, innrømmer han at han tykte det var «kleint».

– Det er hyggeleg at han gjer det, men korleis skal eg reagere på det ... Eg ynskjer jo ikkje å stele showet hans. Han blei kåra til banas beste av juryen, og han fortente det. Eg føler meg litt blank der og aner ikkje kva eg skal gjere. Slik er det. Men det var veldig hyggeleg, seier Abelvik Rød til NRK.

TV-bileta viste ein ukomfortabel Rød som ikkje heilt visste kvar han skulle gjere av seg då Sagosen drog han med seg.

– Kva går gjennom hovudet ditt?

– Eg tenkjer at Sander har fått den, og det er greitt, men så dreg han tak i meg, og så blir det til at eg blir halvveges med fram. Juryen gir jo den til han, og då føler eg meg som tredje hjul på vogna. Det var ganske brutalt å stå der, men sjølvsagt hyggeleg, seier han vidare.

Sagosen kontrar med humor då Abelvik Rød fortel at han kjende seg som tredje hjul på vogna.

– Han har ikkje noko kjærast heller, så eg må ta han med meg og lære han opp, seier Sagosen og smiler.

sagosen rød

SNILT: Sander Sagosen og Magnus Abelvik Rød.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Høg temperatur

Argentina var på førehand rekna å vere det svakaste laget i puljen, men etter 20. minuttar spel mot Noreg var det ikkje særleg store sprekkar å vise til. Diego Simonet var mannen som opna ballet med kampens første mål, før Sebastian Barthold og resten av det norske laget tok seg i leiinga.

Argentinarane gjorde det vanskeleg for Noreg defensivt i store delar av kampen, før Noreg drog ifrå og fekk gå til pause med ei firemålsleiing.

– Dei gjorde det vanskeleg for oss i starten av kampen, og spelte bra på utsida av oss. Vi korrigerte det etter kvart og fekk eit lite forsprang, fortel assistenttrenar Martin Boquist til NRK.

Håndball-VM herrer 2023: Gruppespill Norge - Argentina

TØFFE TAK: Noreg fekk bryne seg på Argentina i første omgang.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Undervegs i første omgang fekk ein sjå frustrerte norske trenarar på sidelinja etter at mellom anna Sebastian Barthold og Sander Sagosen blei utvist for stygt spel.

På spørsmål om kvifor trenarane blei frustrert, svarer assistenttrenaren dette:

Vi følte vel at vi fekk ein del utvisingar vi ikkje burde hatt. Men det er handball, og kjenslene er store, seier han.

Undervegs i andre omgang tok Noreg brodden på Argentina, og vann til slutt med elleve mål. To sigrar gjer at dei er vidare til hovudrunden.

Tysdag spelar Noreg gruppefinale mot Nederland, og den kan du høyre på NRK sport radio.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal