Då lynsjestemninga var på sitt aller største i sosiale medier etter playoff-tapet for Ungarn, blei landslagssjef Per-Mathias Høgmo freda av fotballpresident Yngve Hallen.
NRKs fotballekspert Tom Nordlie er ikkje sikker på om Høgmo bør få sparken heilt enno.
– Eg har ikkje eit umiddelbart behov for å seie at han må gå, men han set jobben på prøve med dei valga som blei gjort i går, seier Nordlie.
– Er du einig i Hallens «freding» av Høgmo?
– Både ja og nei. Ein lev av resultat, og resultata i denne EM-kvalifiseringa er ikkje meir enn vi kunne forvente. Men så er forbundet er fornøgde med det han har fått til i kvalifiseringa. Utan å kjenne til situasjonen internt trur eg han får fortsette etter evalueringa.
Playoff-tabbane
Nordlie trekk fram tre grunnar til at Høgmo mislukkast mot Ungarn:
1. «Då Norge hadde ballen stod keeper Nyland, heile backrekka, Stefan Johansen og Tettey nedanfor Ungarns spiss. Då hadde vi sju spelarar før første ungarske spelar, og bare to kantspelarar i tillegg til Ødegaard og Henriksen (spiss) foran der igjen. Då blei det vanskeleg å få oppspelspunkt foran ballførar. Derfor blei dette temposvakt og omstendeleg fordi vi har ballen for masse på eigen halvdel.»
2. «Høgmo burde ha valgt samme strategi heime som borte, med hurtig vending av spelet og ein del meir gjennombrudd. Når bakrommet er lite må det foregå løp foran ballførar».
3. «Spissen Marcus Pedersen og kantspelar Pål-Andre Helland fekk ikkje starte kampen.»
– Det er lett å vere etterpåklok, men dei to siste punkta snakka eg om allereie før kampen, seier Nordlie.
– Tenk mindre utvikling
NRKs fotballekspert er også kritisk til Høgmos utviklingsfokus på landslagssamling. Han meiner 55-åringen bør fokusere mykje hardare på kampscenario enn læring dersom han får halde fram som landslagssjef.
– Etter mitt syn skal ei landslagssamling bestå av 90% trening av kollektivet slik det skal sjå ut på kampdag. All anna individuell utvikling skjer i klubbkvardagen til spelaren. Ein har for eksempel ikkje tid til å drive med spesialtrening av spissane i regi av trenar Sigurd Rushfeldt på ei tre dagar lang samling før kamp.
– Det har nok ikkje den store effekten. Denne typen utvikling er heller ikkje landslagrenaren sin jobb å sørge for.
Så er spørsmålet kor mykje Høgmo får utvikla landslaget når Norge ikkje speler kampar av betydning før VM-kvalifiseringa går i gang i september neste år.
– Det var eit EM-prosjekt, no er det eit VM-prosjekt. Du kan trekke noen parallellar til Island. Dei har en tropp som er rundt to år eldre enn vår, spilte play off i fjor og vann gruppa si no. Det må vere målet vårt nå, å utvikle laget videre inn mot VM-kvaliken, sa Høgmo mandag.